Arbeiderpartiet

Navigasjonssti

Olav Akselsens innlegg i Finansdebatten

Olav Akselsens innlegg i Finansdebatten

President!

Valkampen i 2005 handla mykje om kva veg me ville Noreg skulle gå. Skulle me forsetta den storstilla privatiseringa Bondevik II-regjeringa med god hjelp frå Frp la opp til eller skulle me satsa på å bygga ut velferda i offentleg sektor. Skulle me fortsette ein politikk med store skatteletter til dei med dei største inntektene og dei største formuane eller skulle me satsa på ei meir rettferdig fordeling.

Dei raudgrøne partia lovde ein ny kurs for Noreg dersom dei vant valet. Arbeidarpartiet ville ha slutt på sulteforinga av norske kommunar og ei storstila privatisering av offentlege tenester. For oss var det viktigare å satsa på å bygga ut offentleg sektor enn å gi skattelette til dei rikaste i landet slik den førre regjeringa gjorde.

Arbeidarpartiet lova å satsa meir på helse, eldreomsorg, skule og barnehagar. Og me ville ha ein meir rettferdig fordelingspolitikk.

Frå dag ein har den raudgrøne regjeringa jobba for å innfri løfta frå valkampen. Budsjettet me diskuterar i dag er eit nytt eksempel på at me har fått ein ny kurs her i landet etter regjeringsskifte for to år sidan. Me satsar på ei meir rettferdig fordeling, og me satsar meir på å løyse fellesoppgåvene.

Vår satsing ber frukter. Kommunane er igjen sett i stand til å sikra lokale velferds- og tenestetilbod. Satsinga har gitt meir til skule, meir til eldreomsorg og meir til barnehagar.

Me er i rute med å nå målet om 10 000 fleire tilsette i omsorgsektoren i løpet av denne stortingsperioden. Dette gir ein betre eldreomsorg her i landet.

Det er og sterk vekst i aktiviteten ved norske sjukehus. Aldri før har fleire fått hjelp med sine sjukdomar eller plager.

Satsinga på utdanning byrjar og å gi resultat. Gratis skulebøker i vidaregåande skule kjem på plass. Frukt og grønt i ungdomsskulen er på plass. Frå neste haust vert det fleire timar i barneskulen. Det blir satsa meir på forsking. 350 nye stipendiatstillingar blir oppretta til neste år.

For første gang har me no ei regjering som leverer det som vart lova på samferdsle og målet om full barnehagedekking er snart nådd.

Diverre ligg det i politikkens natur at ein aldri når det perfekte samfunn. Eit samfunn utan feil og manglar. Det vil alltid oppstå nye behov og nye utfordringar. Sjølv om Noreg er eit svært bra land å bu i for dei aller fleste, ser me enno at det er eldre som ikkje får det tilbodet dei fortenar. Enno er det ungar som ikkje får plass i barnehage. Enno er det folk som står i helsekø, og enno er det vegar som ikkje held den standarden dei bør.

Men med det budsjettet som me vedtar seinare i kveld, tar me viktige steg i rett retning. Regjeringspartia lova ein ny kurs, og regjeringspartia leverer ein ny kurs for landet.

Som eit rikt land har me etter mitt syn ein moralsk plikt til å dele noko av vår rikdom med fattige land i verda. Til neste år sett me ny rekord i norsk utviklingshjelp, både i kroner og i prosent av bruttonasjonalinntekta. Desse pengane bidrar til å skapa eit betre liv for tusenvis i fattige land. Desse pengane bidrar og til å skape ein tryggare verden.

Regjeringspartia vil og bruke mykje på klimatiltak både heime og ute til neste år. Dette er viktig og riktig. Alt tydar på at klimaendringane er godt i gang. FN sitt klimapanel stadfesta dette i ein ny rapport førre helg. Det haster verkeleg med globale klimatiltak, og klimamøtet på Bali i neste månad blir avgjerande for utviklinga.

Det går svært bra med Noreg. Arbeidsløysa er den lågaste på 20 år, og aldri før har sysselsettinga vert høgare. Mange tusen som har vore utanfor arbeidslivet har no fått seg jobb. Det er positivt for samfunnet, og det er positivt for dei det gjeld. Høg sysselsetting aukar teneste- og vareproduksjonen og gir fleire ei lønnsinntekt å leve av.

Noko som igjen vil redusera talet på fattige. Lav arbeidsløyse er det beste middel motfattigdom. Regjeringa har i tillegg ein massiv og målretta innsats mot fattigdom i Noreg.

Ordresituasjonen i norsk næringsliv er svært bra og etterspørselen er svært høg. Mange bedrifter slit med å skaffa nok kvalifiserte folk. Ikkje minst i bygg- og anleggssektoren ser me dette. Nokre planlagde prosjekt blir no utsett. Til dels kjem det inn få anbod, og dei som kjem inn ligg ofte 30-40 prosent over planlagde kostnadar. Dette bør vera eit varsko til oss alle.

Ei av dei viktigaste oppgåvene til politikarane er etter mitt syn å halda orden i økonomien. Me må unngå ei løpsk rente og ein alt for sterk krone. Det er ikkje meir enn fire år sidan over 20 000 industriarbeidsplassar forsvann på mindre enn eit år grunna høg kronekurs. Me må unngå at det skjer igjen.

Difor er det bra at Regjeringa i sitt forslag til budsjett har halde litt igjen på pengebruken og brukar mindre enn det handlingsregelen strengt tatt opnar for.

Det einaste partiet på Stortinget som ikkje ser ut til å ta desse signala på alvor er Frp. Nok ein gang pøser dei på med milliardar til alle gode formål. At dette er hasard med norsk økonomi og norske arbeidsplassar er ein ting, men Frp sitt alternative budsjett viser og for alle at det ikkje finst ein samla opposisjon til Regjeringa sitt statsbudsjett.

Dei fire opposisjonspartia sine budsjett spriker i alle retningar. Høgre vil bruka 1,6 milliardar kroner mindre enn Regjeringa. Frp 15 milliardar kroner meir. Høgre vil redusera bistanden. Krf vil auka den. Frp vil gi over 21 milliardar kronar i skatte- og avgiftslette, mens Krf og Venstre vil ha skattenivået om lag som i dag.

Når ein ser dei alternative budsjetta frå opposisjonspartia, skjønar ein kvifor dei ikkje greier å samla seg om ein felles politikk og eit felles alternativ. Mens opposisjonen kranglar om kva som skal vere deira alternativ, har me ei Regjering som leverer og innfrir lovnadane.