Arbeiderpartiet

Navigasjonssti

Målretta og effektiv tiltakspakke

Målretta og effektiv tiltakspakke

- Eit teikn på at regjeringa sin tiltakspakke blir målretta og effektiv er at ikkje alle blir heilt fornøgde. Det trur eg heller ingen forventar å bli, seier finanspolitisk talsmann Reidar Sandal.

Regjeringa legg måndag fram sin mykje omtala tiltakspakke, og Sandal har som Arbeidarpartiet sin finanspolitiske talsmann vore tett på prosessen heile vegen.

- Dersom alle innspel og ønske som har komme til tiltakspakken blei innfridde, ville det ha øydelagt norsk økonomi. Renta ville ha gått rett til vers, og norsk industri hadde blitt utkonkurrert på kort tid. Men det blir urimeleg å framstille ordførarar og rådmenn rundt om i landet som om dei ikkje ser dette. Dei har berre gjort jobben sin med å peike på viktige opprustings- og vedlikehaldsoppgåver som raskt kan setjast i verk i sine kommunar, nøyaktig slik Regjeringa har bedt om, påpeiker Sandal.

Sandal minner om kva som er målet med tiltakspakken og Regjeringa si krisehandtering:

- Som statsministeren og andre har påpeikt, vil finanskrisa slå skeivt ut her heime. Dei aller fleste av oss vil ha like god råd som før, kanskje betre. Det er dei som blir ramma av arbeidsløyse, vi må stille oss solidariske med. Framfor alt gjeld dette dei tilsette i bygge- og anleggssektoren og folk i eksportbedrifter som ser at marknaden sviktar. Med tiltakspakken vil vi sikre god bygge- og anleggsaktivitet samtidig som vi får utført viktige oppgåver. For eksportbedriftene handlar det om tiltak for å lette omstillingsprosessar og halde på kompetanse.

Leiaren for finanskomiteen ber òg folk om å førebu seg på kritikk frå opposisjonspartia:

- Stor skattelette til privatpersonar er noko vi veit at spesielt Frp vil rope høgt om. Det er svært lite målretta bruk av pengane.

Sandal har merkt seg at Frp prøver å ta president Obama sin krisepakke til inntekt for eige syn på skattelette:

- Dei avslører manglande kunnskap om forskjellane mellom USA og Noreg. USA under Bush førte ein lågrentepolitikk som gjorde at dei knapt hadde noko å gå på då krisa kom. For å stimulere privatøkonomien må dei derfor bruke skattelette, medan vi har kunna bruke renteverktøyet som er langt meir fleksibelt. Vidare kan USA knapt kallast ein velferdsstat. Grunnleggjande velferdsbehov må dekkjast av eiga lommebok. Då blir skattelette langt viktigare som krisetiltak. Den norske modellen handlar om at vi dekkjer dei viktigaste velferdsbehova i fellesskap. Slik bør det også vere i framtida.
















Publisert 21.01.2009