Arbeiderpartiet

Navigasjonssti

Statleg støtte til overvaking av skredutsette fjellparti i Storfjorden

Statleg støtte til overvaking av skredutsette fjellparti i Storfjorden

Regjeringa vil vidareføre overvakinga av skredutsette fjellparti i Storfjorden.
-Regjeringa ønskjer at innbyggjarane langs Storfjorden skal kjenne seg trygge. Regjeringa gjev difor støtte til overvakinga av Åkneset og Hegguraksla, seier olje- og energiminister Terje Riis-Johansen.

Staten har tidlegare gjeve tilskot på til saman 74 millionar kroner til investeringar i sikringstiltak, undersøkingar og overvaking av desse skredutsette fjellpartia i Storfjorden. Satsinga har finansiert eit av dei mest avanserte overvakingssystema i verda.
Regjeringa fylgjer no opp ved å gi eit tilskot på 10 millionar kroner i 2009 for å sikre ei døgnkontinuerleg overvaking av dei skredutsette fjellpartia.
-Det er viktig å sjå dette i samanheng med dei nye oppgåvene til NVE innan skredførebygging, seier olje- og energiminister Terje Riis-Johansen.

Ved å leggje det statlege ansvaret for førebygging av skred til NVE vert statleg bistand til kommunane styrka og samordna. Dette vil forenkle og klargjere oppgåver og ansvar i staten.

Publisert 07.10.2008