Arbeiderpartiet

Navigasjonssti

- Ikkje arrogant å halde løfte

- Ikkje arrogant å halde løfte

- Opposisjonen på Stortinget har den siste tida angripe Arbeidarpartiet og Regjeringa for å vere arrogante. Det verkeleg arrogante ville vere å sjå vekk frå våre løfte til veljarane for å blidgjere Solberg, Høybråten, Sponheim og Jensen, skriv leiar av finanskomitéen Reidar Sandal.

Her er Sandals innlegg:

- Opposisjonspartia på Stortinget har den siste tida angripe Arbeidarpartiet og Regjeringa for å vere arrogante. Årsaka skal vere at vi ikkje vil kompromisse om den økonomiske politikken.

Det verkeleg arrogante ville vere å sjå vekk frå våre løfte til veljarane for å blidgjere Solberg, Høybråten, Sponheim og Jensen. Veljarane som i 2005 gav oss tillit til å styre, gjorde dette ut frå vår bodskap om ein ansvarleg økonomisk politikk for arbeid til alle, om å prioritere velferd framfor skattelette og ta grep for sosial utjamning. Dette har vi levert på heile vegen, og no tydelegare enn nokon gong.

Statsbudsjettet gir oss rett nok ikkje eit problemfritt samfunn, men det er eit offensivt budsjett for auka aktivitet i bygg- og anleggsnæringa. Ein auke i samferdselsløyvinga på 3,2 milliardar kroner, igangsetjing av fleire større byggjeprosjekt samt låneordninga for skulebygg, symjebasseng og kyrkjer er del av dette opplegget. Budsjettet er samtidig ikkje meir ekspansivt enn at det legg til rette for rentenedgang. Ingenting vil få raskare effekt for næringsliv og arbeidsplassar enn ein markant nedgang i renta.

Det er først dei nærmaste dagane og vekene den store bankpakken tek til å fungere. Med Regjeringa sin politikk er det svært sannsynleg at vi i tillegg vil sjå effekten av klar rentenedgang. Først då får vi grunnlag for å vurdere om det trengst ytterlegare tiltak for å dempe verknadene av internasjonal økonomisk nedgang. Arbeidarpartiet er klar til å gjere det som trengst for å halde arbeidsløysa nede. Arbeid til alle er og blir vår fremste hjertesak.

Milliardpåplusningar no kan derimot svekkje grunnlaget for rentenedgang. Derfor er vi ikkje med på KrF og Frp sine utspel. Høgre vil bruke like mykje og Venstre nesten like mykje pengar som Regjeringa. Dei vil reversere dei omfordelande skattegrepa og kutte i offentlege utgifter. Fleire fagøkonomar har påpeikt at dette vil dempe, ikkje auke, sysselsetjinga.

Felles for opposisjonspartia sine alternative budsjett er at dei markerer gamle, kjente standpunkt. Høgre, Venstre og KrF prioriterer skattelette, slik dei gjorde sist dei var i regjering. Frp nektar som før å sjå samanhengen mellom pengebruk og rente, og dei ausar ut oljemilliardar. Dei kan ikkje forvente at Arbeidarpartiet skal vere med på det. Veljarane våre forventar nemleg at vi gjer det vi gjekk til val på.

Av Reidar Sandal (Ap), leiar i Stortingets finanskomité

Publisert 20.11.2008