Arbeiderpartiet

Navigasjonssti

10 milliardar kroner meir til Grunnfondet for fornybar energi, 1,5 milliarder kroner til Enova

10 milliardar kroner meir til Grunnfondet for fornybar energi, 1,5 milliarder kroner til Enova

Regjeringa legg opp til ei omfattande satsing på støtte til fornybar energi og energieffektivisering. Energifondet som forvaltast av Enova blir i 2009 tilført om lag 1 426 millionar kroner. I tillegg til Energifondet forvaltar Enova ei ordning for energisparing i hushaldningar og ei ordning for infrastruktur for naturgass. Regjeringa føreslår at det løyvast høvesvis 40 millionar og 30 millionar kroner til desse ordningane i 2009. Enova er regjeringas viktigaste verktøy i satsinga på omlegging av energibruk og energieffektivisering.

- Aldri før er det blitt brukt så mykje pengar på fornybar energi og energieffektivisering i Noreg. Og satsinga er mangedobla under denne regjeringa. Dette er òg eit viktig klimatiltak, seier olje- og energiminister Terje Riis-Johansen.

Energifondet er dels finansiert frå eit påslag på nettariffen på 1 øre/kWh og dels frå statsbudsjettet og avkastinga frå Grunnfondet for fornybar energi og energieffektivisering (Grunnfondet). I 2009 er påslaget venta å gje ei inntekt på om lag 735 millionar kroner. Energifondet blir tilførd om lag 391 millionar kroner frå avkastinga på Grunnfondet. I tillegg er det er løyvd 200 millionar kroner over statsbudsjettet samt at renteinntektene på Energifondet er på om lag 100 millionar kroner.

Grunnfondet blei oppretta i 2007, med ein fondskapital på 10 milliardar kroner. Avkastinga frå Grunnfondet blir overførd kvart år til Energifondet, og utgjer ein monaleg del av inntektene til Energifondet. Regjeringa føreslår òg å styrkje Grunnfondet med 10 milliardar kroner i 2009. Dette gir ei langsiktig styrking av arbeidet. Avkastinga frå Grunnfondet er venta å bli på om lag 900 millionar kroner frå 2010.

Olje- og energidepartementet inngikk i juni 2008 ein ny avtale med Enova, som gjeld ut 2011. I avtalen er det fastsett eit nytt mål på 18 TWh/år fornybar varme- og kraftproduksjon og energisparing innan 2011. Basisåret er 2001. Mål om 3 TWh/år vindkraft og 4 TWh/år vassboren varme innan 2010 inngår òg i avtalen.

Publisert 07.10.2008