For å styrkje velferdstilbodet i norske kommunar foreslår Arbeidarpartiet:
· Ein vekst i den totale inntektsramma på 3 - 4 mrd. kr utover Regjeringa sitt forslag for 2005. Det gir ein auke i kommunesektoren sine samla inntekter på 5 - 6,5 mrd. kr neste år.
· Auken i frie inntekter utover Regjeringa sitt forslag skal fordelast mellom fylkeskommunar og kommunar etter ordinær fordelingsnøkkel.
· Ei vidare styrking av kommuneøkonomien må vurderast i samband med handsaminga av Statsbudsjettet for 2005 dersom kommunane sine inntekter blir ytterlegare reduserte i løpet av 2004.
· Vi ber Regjeringa om å innleie drøftingar med kommunane om ein plan for oppretting av den økonomiske ubalansen i kommunesektoren.
- Kvar fjerde kommune er no under statleg administrasjon. Skular blir nedlagte, og tilsette i pleie- og omsorgssektoren mistar jobben. Situasjonen i kommune-Noreg er vanskeleg, og den går frå vondt til verre med det økonomiske opplegget som Regjeringa foreslår for neste år. Med ein vekst på om lag 1 prosent er dette forslaget til økonomisk ramme for kommunane det dårlegaste Bondevik II-regjeringa har lagt fram. Det kan ikkje Arbeidarpartiet støtte, seier Sandal.
Sandal peiker på at Regjeringa sitt nivå på frie inntekter ikkje ein gong tar høgde for dei auka utgiftene kommunesektoren får med fleire eldre og fleire elevar ved dei vidaregåande skulane. Regjeringa tar heller ikkje omsyn til sviktande skatteinntekter. Sandal er også skuffa over at Regjeringa framleis avviser å utarbeide ein forpliktande plan som skal rette opp den økonomiske ubalansen i kommunesektoren, noko Arbeidarpartiet har foreslått både i 2002 og 2003.
Arbeidarpartiet er også sterkt kritisk til Regjeringa sitt einsidige fokus på privatisering og konkurranseutsetting som middel for effektivisering i kommunesektoren. Ap foreslår derfor:
· Å stoppe alle forsøk med konkurranseutsetting av eldreomsorg inntil det er gjennomført ein heilskapleg gjennomgang av konsekvensar for brukarar og tilsette.
· Å gi stimuleringstilskot for å fremje alternativ til konkurranseutsetting.
· Å be Regjeringa fremje forslag som sikrar at arbeidstakarane sine lønns-, arbeids- og pensjonsvilkår ikkje skal bli svekka som følgje av konkurranseutsetting av offentlege velferdstilbod.
- Arbeidarpartiet går imot innlemming av dei øyremerkte tilskota til vertskommunar, rehabilitering, helsetiltak for rusmiddelmisbrukarar og bedrifter som tar inn lærlingar med særskilte behov. Vi avviser også den modellen som Regjeringa foreslår for tilbakeføring av selskapsskatten, som vi meiner har til dels dramatiske omfordelingsverknader, seier Sandal.