Arbeiderpartiet

Navigasjonssti

Krev handling frå Regjeringa

Krev handling frå Regjeringa

- Førebels rekneskapstal forkommunesektoren viser eit underskot på 13 milliardar kroner for kommunane i 2003. Dette er alvorleg fordi det går ut over kommunane si evne til å gje ei god omsorg for dei eldre og ein god skule for barna. Arbeidarpartiet krev derfor handling frå Regjeringa, seier Reidar Sandal, Aps saksansvarleg for kommuneøkonomi.

- Tala bør vere ein vekkar for kommunal- og regionalminister Erna Solberg.Tala viser at den negative økonomiske utviklinga i kommunesektoren held fram under Bondevik-regjeringa. Vi har ein kommunesektor som er gjeldstynga, og over 100 kommunar er sette under sterk statleg styring som følgje av svak økonomi. Dette er alvorleg fordi det går ut over kommunane si evne til å gje ei god omsorg for dei eldre og ein god skule for barna våre, seier Reidar Sandal.

- Det må vere samsvar mellom dei oppgåvene kommunane skal løyse og dei pengane kommunane har til disposisjon. Arbeidarpartiet krev derfor handling frå Regjeringa. Vi meiner kommunal- og regionalministeren snarast må ta initiativ til ein heilskapleg plan for oppretting av den økonomiske ubalansen i kommunesektoren. Regjeringa har ikkje lagt fram forslag om ein slik plan, og det er skuffande. Vi kjem til å følgje opp dette med forslag i Stortinget, seierSandal.

- Det er påfallande at regjeringa ikkje er villig til å ta tak i det som er det største problemet for dei 434 kommunane i landet. Arbeidarpartiet har ved fleire høve fremma forslag om at regjeringa, etter drøftingar med kommunesektoren, skal utarbeide ein heilskapleg plan for å fjerne det store underskotet. Men dette har regjeringspartia, saman med Framstegspartiet, konsekvent avvist. Det er skuffande, og no ser vi resultata av den politikken. Det er eldre som treng pleie og barn som skal ha undervisning som blir dei verkelege taparane av denne politikken, seier Reidar Sandal.

Publisert 17.02.2004