Arbeiderpartiet

Navigasjonssti

- Høgre ikkje truverdige

- Høgre ikkje truverdige

- Høgre er ikkje truverdige i rentedebatten. Dei vil bruke omtrent like mykje penger som regjeringa, sjølv om dei prioriterer skattelette framfor vår velferdssatsing, seier Aps finanspolitiske talsmann Reidar Sandal.

- Men når dei samtidig vil bane veg for Frp-makt i den økonomiske politikken, gjer dei seg sjølve til del av ein økonomisk uansvarleg koalisjon, legg han til.

Noregs bank sette onsdag opp renta med 0,25 prosentpoeng til 4,75 prosent. I tur og orden har Høgres Erna Solberg, Per Kristian Foss og Jan Tore Sanner prøvd å gjere regjeringa til syndebukk for eit rentenivå som framleis ligg i underkant av det som har vore normalt. Sandal påpeikar at særleg hans kollega i finanskomiteen, Jan Tore Sanner, snakkar mot betre vitande:

- Eg leia komiteen si høyring med sentralbanksjef Svein Gjedrem no i mai, då Sanner stilte spørsmål om det ikkje var den gjeldande økonomiske politikken som gjorde at renta no gjekk opp. Alle som var til stades høyrde Gjedrem sitt svar, som eg har lyst til å sitere ordrett frå høyringsreferatet:

"Det viktigste som ligger bak det at vi nå har renteøkninger, er at renten var så lav - den var så lav i Norge, og den var så lav ute. Det at vi har hatt en så unormalt lav rente, har skapt vekst i økonomien, og der må vi svare med renteøkninger. Så det er egendynamikken i rentesettingen som er den viktigste drivkraften både ute og hjemme bak de renteøkningene vi har. Det er vår hovedanalyse."

Sandal understrekar at han delar Høgres uttrykte uro for at rentene kan bli så høge at det kan bli eit problem for mange hushaldningar, og gi ein kronekurs som rammar konkurranseutsett industri.

- Det er sjølvsagt svært positivt at det går så godt i norsk økonomi og at arbeidsløysa er rekordlåg. Samtidig kan mangel på arbeidskraft i mange sektorar presse opp prisar, rente og kronekurs. Ansvarleg finanspolitikk handlar om å balansere desse to omsyna, seier Sandal, og peikar i den samanhengen på partiet som skil seg frå alle andre:

- Frp står for ein fullstendig uansvarleg pengebruk. Berre frå november i fjor til juni i år har partiet føreslått å bruke 54,5 milliardar kroner meir enn regjeringa. Det vil heilt openbert gi store hopp i renta. Og det er Høgre som vil hjelpe dette partiet inn i regjeringskontora, ikkje vi.