– I landet eg kom frå har ein valt ein modell med svært låge skattar, men der den enkelte si lommebok avgjer om ein får tilfredsstillande legehjelp og sjukehusbehandling. Då eg kom til lege og sjukehus i Sverige, var det ingen som spurte om økonomien til foreldra mine, sa Baylan.
Han trekte vidare fram dei ulike vegane den svenske og norske regjeringa har valt dei siste åra, og at desse peikar i ulike retningar for samfunnet:
– Medan den norske regjeringa har satsa på styrka velferd og ein aktiv kamp mot arbeidsløyse, prioriterer den borgarlege regjeringa i Sverige store skatteletter til dei rikaste, svekka rettar for arbeidstakarane, storstilt privatisering og ei passiv haldning til finanskrisa og den stigande arbeidsløysa. Til den i Noreg som vurderer å røyste på høgresida, vil eg berre seie: Sjå til Sverige!
Baylan uttrykte sterkt håp om raudgrøn valsiger i stortingsvalet.
– De må vinne her, og inspirere oss til ein siger også i Sverige. Slik kan vi saman vidareutvikle den nordiske, sosialdemokratiske modellen, der det er menneskeverdet og ikkje pengane som styrer.