Arbeiderpartiet

Navigasjonssti

Kunst og kultur må kome fleire til gode

Kunst og kultur må kome fleire til gode

– Det har vore ei historisk satsing på kultur dei siste åra. Utfordringa i åra som kjem, er korleis vi kan få fleire til å bruke kunst- og kulturtilbodet som er bygd opp, seier kulturminister Anniken Huitfeldt.

– Eg er opptatt av korleis kulturen kan nå fleire, spesielt dei som i liten grad deltar i kulturlivet i dag, seier Huitfeldt.

Kulturminister Anniken Huitfeldt la i dag fram Meld. St. 10 (2011-2012) Kultur, inkludering og deltaking. Hovudmålet med meldinga er at alle skal ha same høve til å delta i kulturlivet. Kulturlivet skal spegle mangfaldet og løfte fram nye stemmer. Offentleg finansierte kulturinstitusjonar vil ha ei hovudrolle i arbeidet med å nå dette målet, saman med aktørar i frivillig kultursektor. Kultursektoren skal arbeide aktivt og systematisk med inkluderingsspørsmål.

Nokre tiltak i meldinga:

  • etablere ei formidlingsordning for kultur i arbeidslivet, Den kulturelle nistepakka
  • etablere eit program for kultur i tilskotsordninga for barne- og ungdomstiltak (storbyordninga)
  • bidra til ei prøveordning med opplevingskort til barn og ungdom frå familiar med låg inntekt
  • etablere ei prøveordning med kulturskuletilbod på barnetrinnet
  • stimulere samarbeid mellom bibliotek og frivillig sektor
  • leggje til rette for systematisk arbeid med publikumsutvikling
  • aspirantordning i kunstinstitusjonar
  • bruk av digitale verktøy i arbeidet for å nå fleire
  • frivilligsentralar i område med mange med innvandrarbakgrunn får meir pengar
Publisert 09.12.2011