Arbeiderpartiet

Navigasjonssti

Styrka innsats mot kjønnslemlesting

Styrka innsats mot kjønnslemlesting

Norske styresmakter har i mange år gjennomført nasjonale og internasjonale tiltak i kampen mot kjønnslemlesting. Innsatsen vil nå bli auka, både med styrka tiltak i sommar og i eit lengre perspektiv gjennom ein revidert handlingsplan mot kjønnslemlesting.

- NRKs reportasjar frå Somalia har understreka alvoret ved denne forferdelege tradisjonen. Reportasjane bør også uroe det somaliske miljøet i Noreg og andre grupper med bakgrunn i kulturar som praktiserer slike overgrep mot jenter, seier barne- og likestillingsminister Karita Bekkemellem.

Representantar for det somaliske miljøet i Noreg var fredag morgon invitert til møte med justisministeren, barne- og likestillingsministeren og helse- og omsorgsministeren. Statsrådane understreka at kjønnslemlesting er uakseptabelt og ulovleg i Noreg, og at det er streng straff for dei som utfører eller medverkar til handlinga. Statsrådane minna om at det somaliske miljøet sjølv har eit medansvar for å få satt ein stoppar for denne tradisjonen og ba om at dette blir teke opp i moskeane, på møte i organisasjonar og andre samlingar innan den somaliske befolkningsgruppa i Noreg.

Styrka innsats i sommar
Før sommaren vart det sendt ut informasjon om kjønnslemlesting og varsel om beredskap til skular, helsetenestene i kommunane og fastlegar.
Regjeringa vil sette i verk fleire strakstiltak i sommar for å intensivere innsatsen i ei periode da faren for utreiser med tanke på kjønnslemlesting utanfor Noreg er særlig stor. Mellom desse er oppretting av ein eigen alarmtelefon sju dagar i veka, spreiing av informasjon om akutthjelp og opprettinga av ein informasjonsstand på Gardermoen. Politiet vil styrke sin førebyggjande innsats, mellom anna ved å inndra pass frå familiar ved mistanke. Tilsette i barnevernet og helsetenestene vil få brev som tydeliggjer plikten til å avverje og plikten til å melde frå om alvorlige overgrep - eller mistanke om dette.

Ikkje berre Somalia
Kjønnslemlesting er ein fleire tusen år gammal tradisjon. Overgrepa praktiserast i fleire nordafrikanske land og i enkelte andre land, som til dømes Yemen, Iran, Irak og Indonesia. Fleire land har kjempa mot denne skadelege tradisjonen i opp til 50 år. I stadig fleire afrikanske land er det forbod mot kjønnslemlesting, seinast no i Eritrea, utan at dei dermed har fått utrydda skikken. I Noreg er innvandrargruppa frå Somalia den langt største frå afrikanske land.
Regjeringa gjev stønad til holdningsskapande arbeid og informasjonstiltak mot kjønnslemlesting i regi av somaliske innvandrargrupper i Noreg.

Likestilling
Kjønnslemlesting er - i tillegg til å være et straffbart overgrep mot jenter - også eit uttrykk for manglande likestilling mellom kvinner og menn. Saman med handheving av straffeforbodet og førebyggjande informasjonstiltak, er innsats for likestilling mellom kvinner og menn blant innvandrargrupper naudsynt for å lykkes i arbeidet mot kjønnslemlesting og andre overgrep. Regjeringa er nå i gang med å utarbeide ein ny handlingsplan med målretta og langsiktige tiltak.

Strakstiltak sommaren 2007:

  • Oppsøkande verksemd i heimane i regi av somaliske grupper (BLD)
  • Døgnbemanna telefon med informasjon og rettleiing i regi av SEIF (BLD)
  • Informasjonsstand på Gardermoen med somaliske ressurspersonar (BLD)
  • Utdeling av informasjonsmateriell ved somaliske og andre aktuelle arrangement (BLD)
  • Brev om avverjings- og meldeplikt til tilsette i helsevesenet, barnevernet, barnehagar, skular og andre aktuelle etatar (BLD og HOD)
  • Opne sommarstengde helsestasjonar i bydelar i Oslo, rådgjeving (HOD)
  • Informasjonskampanje på kollektivtransport (tog, trikk, taxi) (HOD
  • Samtale med og oppfølging av gravide som sjølv er kjønnslemlesta (HOD)
  • Opprette nasjonal rådgjevingsgruppe for regjeringa (HOD)
  • Informasjonskampanjar i regi av politiet mot nye asylsøkjarar (JD)
  • Vurdere å avslå utsteding av pass ved mistanke om alvorleg lovbrot (JD)
  • Utreisekontroll og utreiseforbod ved mistanke om alvorleg lovbrot (JD)
  • Etablere førebyggjande samarbeid mellom politi og kommunar (JD)
  • Tilbod om informasjon på somalisk til radio- og TV-redaksjonar, nettavisar og nettstader (HOD/SH-dir)
Publisert 29.06.2007