Arbeiderpartiet

Navigasjonssti

- Kriminalomsorga styrka

- Kriminalomsorga styrka

- Regjeringa si samla satsing på kriminalomsorga manglar sidestykke i Noreg. Skuletilbodet er utvida med nesten femti prosent auke. Bibliotektenesta, helsetilboda og rusbehandlinga er blitt styrka. Åtti prosent av auken på justissektoren er til kriminalomsorga, sier justispolitisk talskvinne, Ingrid Heggø.

I stortingsdebatten tysdag framheldt ho at regjeringa arbeider med ein tilbakeføringsgaranti for at det skal bli slutt på at ein av to er attende i fengsel i løpet av fem år.

Det er innført ei kursendring i justispolitikken og den førebyggjande politikken etter regjeringsskifte.

- Vi har også skapt eit temposkifte - eit naudsynt skifte. Dei siste åra har det vore ein uhaldbar situasjon, ein vond sirkel, der dømde vert gåande i årevis for å vente på å komme inn til soning, dei får ikkje jobb, og utan jobb får ein ikkje sjansen til å gjera opp for seg og komme vidare i livet, seier Heggø. - Soningskø gjer også noko med rettsoppfatninga til folk særleg viss den dømde begår nye kriminelle handlingar medan ein ventar på å komme inn til soning. I fjor lova justisministeren 100 nye soningsplassar. De raudgrøne har levert 250 plasser! Soningskøen er på veg ned, men den skal heilt bort.

Heggø la i debatten vekt på at reduksjon i soningskø, og heilheitleg satsing på førebygging og rehabilitering, fører til auka politikraft. - Her har vi auka innsatsen særleg mot gjengkriminalitet og økonomisk kriminalitet. Eg er difor nøgd med at vi gjennom å få ned soningskøene, forhindre at kriminelle gjer nye lovbrot medan dei ventar på å få sone, gjennom betre rehabilitering i fengsla, rusbehandling, og gjennom satsing på politiet, så reduserer vi volden og kriminaliteten i samfunnet, seier Ingrid Heggø.

Publisert 29.11.2006