Justisdepartementet legg i dag fram forslag om å doble den øvre grensa for utbetaling etter voldsoffererstatningslova frå 20 gonger grunnbeløpet i folketrygda til 40 gonger grunnbeløpet i folketrygda. Endringane vil gjelde for dei tilfelle der det blir søkt om valdsoffererstatning på grunn av straffbare handlingar som skjer etter at lovendringane tar til å gjelde. Forslaget vil betre situasjonen både for dei valdsutsette og for dei etterlatne der erstatningsutbetalinga blir delt mellom fleire.
– Eit liv let seg aldri erstatte med pengar. Tapt helse og generelle tap vil ikkje kunne reparerast fullt ut. Valdsoffererstatninga vil likevel kunne medverke til at dei valdsutsette eller deira pårørande ikkje får økonomiske bekymringar i tillegg, seier Storberget.
Les lovforslaget her.
Kontaktperson: Underdirektør Brita Mellin-Olsen, telefon 22 24 54 54
Eksempler på regjeringa sitt arbeid for valdsoffer:
Styrking av ofra si stilling i straffesaker
Utvida rett til valdsoffererstatning
Barnehus i alle helseregionar i løpet av året
Skjerpa straff for familievald
Familievaldskoordinatorer i full stilling i alle politidistrikt
Egne team for etterforsking av vald og seksuelle overgrep
Landsdekkande behandlingstilbod til valdsutøvare
Pilotprosjekt med omvendt valdsalarm/elektronisk merking
Betre mobile valdsalarmer
Gratis støttetelefon
Økt bruk av DNA-register for å oppklare fleire saker
Ny handlingsplan mot vald i nære relasjonar
Eiga straffebod om vald i nære relasjonar
Valds- og valdtektsmottak i kvart fylke
Neste år etablerast fire stillingar ved Kripos for å starte oppfølginga av valdtektsutvalget sitt forslag om ein ny landsdekkande spesialeining (SEPOL)
Betre vern av barn på internett
Politistasjon på nett
Styrking av Interpols biletdatabase for misbrukte barn.
Forsterka innsats mot hatkriminalitet
Handlingsplan mot menneskehandel
Handlingsplan mot kjønnslemlesting
Vidareutvikle Rådgjevingskontora for kriminalitetsofre
Styrking og vidare utvikling av konfliktrådsordninga
Les meir om regjeringa sitt arbeid mot vold i nære relasjonar.
Navigasjonssti
Undermeny
Dobla erstatning til valdsoffer
Dobla erstatning til valdsoffer
Ved endringane i lova om erstatning til voldsoffer som tok til å gjelde frå 1. januar 2008, fekk fleire rett til valdsoffererstatning. Regjeringa foreslår no ytterlegare endringar i lova slik at valdsutsette kan få meir erstatning. – Med dette blir det gjort eit kraftig løft for dei valdsutsette, seier justisminister Knut Storberget.
Publisert 14.11.2008