Arbeiderpartiet

Navigasjonssti

Delutgreiing for klagesaksbehandling

Knut Storberget. Foto: Scanpix/Statsministerens kontor

Delutgreiing for klagesaksbehandling

Utvalet som skal vurdere organiseringa av klagesaksbehandlinga på utlendingsfeltet, har i dag lagt fram ei delutgreiing for justisminister Knut Storberget.

Utvalet skal leggje fram ein NOU innan 1. desember i år, men blei bedt om forsere delar av arbeidet. Denne delutgreiinga omhandlar spørsmålet om departementet bør ha utvida instruksjonsmyndigheit ovafor Utlendingsnemnda (UNE).

– Eg takkar for delutgreiinga som Øystein Mæland har gjeve meg i dag. Regjeringa ønskjer at sakshandbehandlinga skal vere så rask som mogeleg. Det er mest humant, både for dei som får bli og dei som må reise. Difor vil regjeringa, med bakgrunn i tilrådingane frå utvalet, vurdere korleis klagesaksbehandlinga best bør organiserast for å ivareta behovet for politisk styring, rettstryggleik, effektiv saksbehandling samt legitimitet, seier Storberget.

Utvalet tilrår at departementet får utvida høve til å gje generelle instruksar til UNE, slik departementet i dag kan gjere ovafor Utlendingsdirektoratet. Utvalet tilrår ikkje at departementet skal kunne instruere UNE når det gjeld vurderinga av asyl.

Publisert 07.04.2010