- Vi kan ikkje sitte stille og sjå på at nesten 90 prosent av alle vinningsforbrytelsar i Oslo forblir uoppklarte, eller at brorparten av dei som vert utsett for voldtekt og vold i heimen, opplever at samfunnet ikkje reagerer. Eg veit at Regjeringa alt er godt i gang med å ta tak i desse utfordringane, men eg ønsker at Stortinget skal sette fokus på bruken av DNA-analyser i strafferettspleien og derfor har eg fremmea følgende interpellasjon til justisministeren - som blei debattert i Stortinget 16. mars, seier Ingrid Heggø
"Oppklaringsprosenten i Noreg er svært låg i nokre saker. Politiet sine STRASAK-tal viser at over 80 pst. av den rapporterte vinningskriminaliteten ikkje vert oppklåra. Mange peikar på fleire og betre verktøy til bruk i politiet sitt arbeid. Auka adgang til å bruka DNA-prøvar, som eit av fleire verkemiddel kan bidra til auka oppklåring. Eit vesentleg punkt her er at finansieringa av DNA-prøvar vert sentral, slik at denne metoden kan nyttast når det er hensiktmessig, uavhengig av økonomi. Dersom registeret vert utvida slik at også enkelte former for vinningskriminalitet vert omfatta, kan auka bruk av DNA gje auka oppklaringsprosent i alvorlege straffesaker, og bidra til å oppdage og oppklare meir vinningskriminalitet.
Kva vil statsråden gjera for å auka oppklaringsprosenten, kva kriminalitetstypar bør bruken av DNA utvidast til, og kva rammer skal setjast for registrering i DNA-registeret?"
- Eg meiner det er viktig å gje politiet moglegheit til auka bruk av DNA analyser som bevis når dette er hensiktsmessig. Dette må følgast opp med ein vidare debatt om politimetodar, kompetanseutvikling og utstyr, der sentrale rettsikkerheitsprinsipp og personvern vert ivareteke, seier Ingrid Heggø. - I dag er det adgang til DNA-registrering av personar som er dømd for alvorlige forbrytelsar, slik som drap, voldtekt, grov vold og grove ran. Ei eventuell utviding av DNA-register vil føre til auka oppgaver som igjen vil føre til fleire jobbar innen dette DNA-feltet. Eit utvida miljø vil være med å sikre kvaliteten innen DNA-registeret, sier Heggø