Stortinget har nyleg vedteke at kjøp av straum skal lovfestast, noko som fører til at nettselskapa vil møte andre krav frå kundane. Dersom selskapa ikkje oppfyller forpliktelsane sine, kan forbrukerane krevje prisavslag eller krevje erstatning.
- Det har lenge vore eit behov for reglar som klargjer for kundane kva rettigheitar som gjeld ved kjøp av straum, i tilfelle straumavbrot eller spenningsfeil. Stortinget har i handsaminga av saka lagt vekt på at straum er et eit nødvendig gode, og at det skal mykje til for å ta frå kundane dette gode, seier ho.
Heggø er godt nøgd med at den nye lovendringa presiserer at stenging ikkje kan skje viss det er fare for liv, helse eller betydelege tingskadar. - Er det sprengkulde så kan ein ikkje slå av straumen av den enkle grunn at då vil til dømes leidningsnettet fryse, og føre til betydelege tingskadar. Ved denne lovendringa ivaretek vi både forbrukaren og huseigaren, seier ho
Nettselskapa har eit svært effektivt inkassomiddel i det å kunne stenge straumen, og er i tillegg monopolister. - Dette er ein av årsakene til at vi no får ei lovregulering, seier representanten.
Ho vektlegg og at stenging av straum ikkje må skje for tidleg, men heller ikkje for seint. Nettselskapet kan ikkje venta urimeleg lenge på betaling - fordi forbrukaren då vil ha opparbeidd ein vesentleg restanse, og ei uhåndterleg gjeld før stenging vert iverksett.
Stortinget har dessutan presisert at nettselskapa har ein forretningsmessig risiko ved levering på kredit, på linje med andre som leverer varer på kreditt, og kan ikkje forlange heile restansen innbetalt før straum vert påkobla att. Det krevst eit vesentleg mislighold for å stenge straum, og når det er innbetalt slik at det vesentlege misligholdet er borte, så skal det leverast straum. Nettselskapa stiller sjølvsagt på linje med andre når det gjeld ubetalt restanse/gjeld, dette er uprioritert gjeld som sjølvsagt er under dekningslova, seier Ingrid Heggø, Aps justispolitiske talskvinne.