Arbeiderpartiet

Navigasjonssti

Møteplass for gass til industri i Noreg

Møteplass for gass til industri i Noreg

Regjeringa har som målsetting å leggje til rette for auka bruk av naturgass til industriell bruk i Noreg. Olje- og energidepartementet har difor bedd Gassco om å førebu etablering av ein arena for industriell verksemd som vil bruke naturgass i Noreg.

- Eg er fornøgd med at det no vert etablert eit forum der industrielle aktørar kan møtast. Eg håpar vi gjennom dette forumet kan synleggjere moglegheitene for industriell bruk av gass i Noreg for dei rette aktørane til rett tid, seier statssekretær Robin Kåss.

Olje- og energidepartementet ønskjer med dette å etablere ein arena der industri med ønskjer eller planar om etablering av industriell verksemd relatert til bruk av naturgass, kan konsultere kompetente ressursar innan gasstransport, gasskvalitet og tilgjenge til gass i Noreg. Denne arenaen bør ta sikte på å diskutere planar for utnytting av eksisterande infrastruktur for norsk gass, vidare utvikling av gassinfrastrukturen samt planar om LNG-produksjons- og mottaksanlegg.

Hovudformålet med norsk petroleumsverksemd er å maksimere verdiskapinga av norske olje- og gassforekomstar. Det er difor ei viktig oppgåve for norske styresmakter å synleggjere moglegheitene for industrielle aktørar til å gjere bruk av norsk gass i Noreg.

Publisert 02.06.2009