Arbeiderpartiet

Navigasjonssti

Krev gasskraftverk no

Krev gasskraftverk no

Møre og Romsdal Arbeiderparti krev at det blir bygd gasskraftverk i fylket no. Årsmøtet i partiet viser til at det er alvorlig underdekning på produksjon og distribusjon av kraft i fylket.

Dette uttalar årsmøtet:

Møre og Romsdal Arbeiderparti krev at det blir bygd gasskraftverk i Møre og Romsdal no. Møre og Romsdal har alvorlig underdekning på produksjon og distribusjon av kraft. Møre og Romsdal Arbeidarparti krev tilgang på nok og sikker kraft. For Møre og Romsdal Arbeidarparti er det like sjølvsagt at staten har det overordna ansvaret for å sikre denne krafttilgangen. Staten må til ei kvar tid ha vilje og evne til å i verksette tiltak som sikrar stabil, langsiktig og nok kraft til alle.

Difor meiner Møre og Romsdal Arbeidarparti følgjande:

  • Det blir ikkje akseptert at Møre og Romsdal skal vere eit eige prisområde for kraft
  • Heller ikkje rasjonering med utfasing av eksisterande kraftbrukarar vil bli akseptert
  • Staten må gje dei nødvendige impulsar til at det blir etablert ny langsiktig, sikker og stabil kraftproduksjon i Møre og Romsdal - no
  • Dei positive samfunnsmessige konsekvensane ved etablering av gasskraftverk i Møre og Romsdal vil vere enorme. Fordelane vil langt overstige kostnadane for bygging av gasskraftverk, også med CO2 handtering
  • Bruk av dyre mobile gasskraftverk med høge utslepp og låg effektivitet for kortsiktig å bøte på kraftkrisa i Møre og Romsdal er ein dårlig løysning

Den store auken i nasjonale klimautslepp sidan 1990 (Kyoto-måla) har kome offshore. Utsleppa på land i Noreg har faktisk gått ned i perioden. Det er aktiviteten med å produsere og transportere olje og gass som gjer at vi ikkje når våre Kyoto-mål. Det er staten sitt ansvar at vi når måla. Det er også staten som har til oppgåve å gjere kraft tilgjengeleg til industrifylket Møre og Romsdal, og det er staten som vil tene på å kunne bruke CO2 til auka oljeutvinning. Møre og Romsdal Arbeidarparti krev at staten etablerar eit system som gjer at vi kan løyse alle desse utfordringane. Difor meiner Møre og Romsdal Arbeidarparti følgjande:

  • Staten må ta på seg hovudansvaret for etablering av ei CO2-verdikjede i Norskehavet
  • Ei CO2-verdikjede i Norskehavet må inkludere; ny gasskraftproduksjon, CO2-handtering, elektrifisering av sokkelen og CO2-deponering for auka oljeutvinning
  • Ved å etablere ei slik CO2-verdikjede i Norskehavet vil Noreg kunne; løyse kraftkrisa, senke dei nasjonale klima-utsleppa og sikre auka verdiskaping til beste for oss alle
Publisert 05.03.2006