Arbeiderpartiet

Navigasjonssti

Gjesta vindmøllepark i Skottland

Fred. Olsen var sjølv guide då nærings- og handelsminister Trond Giske gjesta vindmølleparkane til Fred. Olsen Renewables i Skottland.

Gjesta vindmøllepark i Skottland

Crystal Rig I og II er namnet på parken som ligg rett sør for Edinburgh. 85 vindmøller er i stand til å forsyne om lag 150 000 skotske hushald med straum.

Vindmølleprosjektet er et av fleire Fred. Olsen Renewables er engasjert i. Selskapet er blitt den største utbyggjaren av vindkraft i Storbritannia.
– Eg er imponert både over storleiken og bredda på Fred. Olsen Renewables satsingar innanfor fornybar energi, sa Giske under gjestinga og understreka at regjeringa er oppteken av å auke satsinga på fornybar energi også i Noreg:

Tema under gjestinga på Crystal Rig spente frå dei britiske stønadordningane for fornybar energi til støy frå møllene. Næringsministeren blei også orientert om selskapet sine prosjekt innan tidevatnskraft og bølgjeenergi.

– Dette er viktig både når det gjeld klima og nasjonal forsyningstryggleik. Klarer vi å få til eit stort lyft i eigenproduksjon av fornybar energi, kan vi eksportere meir til Europa, sa Giske.

Publisert 10.05.2010