På møtet i New York har gruppa diskutert moglege løysingar for korleis ein skal nå dei langsiktige finansielle måla frå klimatoppmøtet i København i 2009, om 100 milliardar dollar per år frå 2020 til finansiering av klimatiltak i fattige land.
– Gruppa diskuterer mange ulike finansieringskjelder. For å ta finansieringsspørsmålet eit steg vidare må me beskriva kor realistisk det er å gjennomføra dei ulike alternativa. Dette blir utfordrande når me skal ferdigstilla rapporten, seier Stoltenberg.
- FNs generalsekretær Ban Ki-Moon skryter av Stoltenberg: Se video og les saken på NRK.no
Han leiar gruppa saman med Etiopias statsminister Meles Zenawi. I gruppa deltek også Guyanas president Bharrat Jagdeo og ministrar frå både fattige og rike land.
I tillegg er fleire økonomiske ekspertar med i gruppa, blant andre Lawrence Summers, George Soros og Nicholas Stern.
Bildet: Etiopias statsminister Meles Zenawi, som leder gruppen sammen med Stoltenberg, FNs generalsekretær Ban Ki-Moon og Jens Stoltenberg. Foto: SMK