Regjeringa har dei siste åra arbeidd systematisk med å styrkje oljevernberedskapen. I revidert budsjett 2007 vart det vedteke ei løyving på 29 mill. kroner til reetablering av hovuddepot på Fedje i Hordaland. Vidare er det i 2007 og 2008 gjennomført tømming av vraket ”Nordvard” utanfor Moss og vraket ”Welheim” utanfor Florø.
Kystverket har levert ein statusrapport for oljevernmateriell i statlege depot langs kysten, med ein tilrådd utskiftingsplan fram til 2010. Forslaget om auka løyving på 88 millionar kroner er ei oppfølging av denne rapporten og kjem i tillegg til auken på 25 millionar kroner i saldert budsjett for 2008.