Arbeiderpartiet

Navigasjonssti

Change We Need!

Change We Need!

- Eg var sjølv ringside i Cleveland då Barack Obama avvikla sitt valarrangement og ”The Boss Himself,” Bruce Springsteen underheldt og appellerte, skriv stortingsrepresentant Sigvald Oppebøen Hansen som var OSSE-valobservatør i Ohio.

Rapport frå presidentvalet i USA 2008 av Sigvald Oppebøen Hansen:

Demokraten Barack Obama sikra ein historisk valseier ved presidentvalet i USA på tysdag. Når dette skrives, er det klart at Obama tok minst sju statar som president Bush vann i 2004. I Ohio, der eg var valobservatør, var ein slik ”vippestat”. Det blei hevda at dersom ein skal bli president i USA, så må ein vinne Ohio. Andre viktige statar er Florida, Virginia, Pennsylvania og Colorado.

 

Gjennom dette valet blei det politiske kartet endra vesentleg. Det er slik at det amerikanske valsystemet er lagt opp slik at ”the winner takes it all”.

Republikanaren John McCain såg nok tidleg at slaget var tapt. I tillegg til at senator McCain ikkje klarte å oppnå den same karismaen som Obama, var han nok heller ikkje heldig med val av visepresidentkandidat Sarah Palin. McCain sin støtte til Irak-krigen var også negativt for republikanaranes valkamp.

 

Barack Obama (47) er den første Afro-Amerikanske president i Amerikas historie. I tillegg er han ein av dei yngste og med ein veldig kort politisk karriere. For bare 4 år sidan blei Obama vald til Senatet frå Illinois. Det er ingen tvil om at Obama gjorde ein strategisk veldig god valkamp. I tillegg trykte folk Obama sin kone, Michelle og borna Malia (10) og Sasha (7) til sitt bryst.

 

I løpet av valdagen besøkte eg om lag 10 vallokale i byen Columbus. Stemninga var god. Valnatta oppheldt eg meg på Campus i Columbus saman med studentar og professorar. Min guide på valdagen var student Erin Carper Hoster som studerte Political Science. Det var elektrisk stemning frå dei første resultata kom på skjermen. Eg kjem aldri til å gløyme denne valnatta då landets nye 44de president, senator Barack Obama, møtte nær 250 000 mennesker i Grant Park, Chicago. Han sa m.a. dette i sin flotte tale til heile verden: ”It’s been a long time coming. Because of what we did on this day, in the election at this defining moment, change has come to America.” Etter dei velplasserte orda ropa folkemengda taktfast: ”Yes, we can. Yes, we can.”

 

Taparen, senator John McCain, holdt også ei god tale framfor ein tårefull folkemengde i Phoenix, Arizona. ”The American people have spoken, and they have spoken clearly,” sa senatoren frå Arizona.

 

Det er på mange måtar oppsiktsvekkjande at ein person med Obama sin bakgrunn vann ”The White House” i ein nasjon der raseskiljene har vore, og er, eit vanskeleg tema. Det er grunn til å minne om at det er bare vel 40 år sidan, då Obama var ein liten gut, at Kongressen vedtok at svarte kunne få lov å stemme ved val.

 

For å få fleirtal i Kongressen må ein få 270 seter. Det som også er interessant er at Obama på landsbasis fekk 53 pst av røystene mot McCain 47 pst. Det har ikkje alltid vore slik at den som blir vald som president får eit fleirtal av røystene, men denne valseieren kan måle seg med då Franklin Roosevelt vann ein overlegen seier over Herbert Hoover i 1932 eller då Lyndon B. Johnson gjorde eit kjempeval i 1964.

 

Det er nok ingen tvil om at dette presidentvalkampen har vore det dyraste i USA sin historie. Det blir hevda at det har kosta om lag 2,5 mrd USD, eller om ein vil 17 mrd NOK. Då snakkar me om så store beløp at summen kunne ha finansiert eit OL-arrangement i Tromsø!

Eg var sjølv ringside i Cleveland, Ohio, då Barack Obama avvikla sitt valarrangement og ”The Boss Himself,” Bruse Springsteen underheldt og appellerte. Når ein er så heldig å få oppleve dette arrangementet 7 meter frå scena og ser kva som må til av utstyr, så skjønner ein fort at dette kostar pengar.

 

For meg som OSSE-valobservatør i Ohio, var det som sagt veldig spesielt at Barack Obama vann staten som Bush seira i ved valet i 2000 og 2004. Nå står det att å sjå om den nye president Obama makter å vise at han kan forandre og gjere ting betre enn sine forgjengarar. Eg er overbevist om at folk er utolmodige. Eller som ein svart veljar sa til meg: ”Vi har så mange håp og ønskjer at han aldri vil bli i stand til å innfri dei.” Det er bare tida som vil vise det.

Publisert 07.11.2008