Praksisendringa inneber at slektningar, til dømes besteforeldre, tanter, onklar eller myndige sysken, skal kunne vurderast som forsvarlege omsorgspersonar, sjølv om desse ikkje hadde omsorgsansvaret for søkjaren i framkant av reisa frå heimlandet.
Utlendingsmyndigheitene vil også systematisk vurdere retur til omsorgstiltak i regi av styresmaktene i heimlandet. Det vil også vurderast i dei tilfella der den mindreårige ikkje kjem frå ein slik omsorgssituasjon.
– Vi må ikkje gløyme verdien av å vokse opp saman med familien i eit kjent miljø, kultur og eit nettverk når det blir vurdert kva som er forsvarleg omsorg. Denne praksisendringa legg til rette for å ta omsyn til akkurat dette, seier arbeids- og inkluderingsminister Dag Terje Andersen.
Ein del einslege mindreårige asylsøkjarar har ikkje anna grunnlag for å få eit opphaldsløyve enn at norske styresmakter ikkje har lukkast med å finne foreldra deira i heimlandet. Frå no av skal det gjennomførast ei vidare vurdering av kva som kan vere som ein tilfredsstillande og forsvarleg omsorgssituasjon i heimlandet.
– Spørsmålet om kva som kan sjåast på som forsvarleg omsorg i søkjaren sitt heimland, må alltid basere seg på ei konkret vurdering av barnet sin beste, seier statsråden.