– Eg synest både det er viktig og interessant å høyre historiene og erfaringane til dei som har innvandra og som etter kvart har levt eit langt liv i Noreg, seier arbeids- og inkluderingsministeren.
– Kva meiner dei om den innvandrings- og inkluderingspolitikken som har blitt ført dei siste 30 åra, kva tenkjer dei om dagens arbeidsmarknad og finanskrise? Kva fungerer bra og kva fungerer mindre bra i norsk arbeidsliv? Eg trur og håper at vi kan dra nytte av dei erfaringane denne gruppa sit på når vi skal iverksetje tiltak for innvandrarane som kjem til Noreg i dag, seier statsråden.
Tidlegare arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen hadde to møter med den same gruppa. På desse møta gav deltakarane innspel til regjeringas handlingsplan for integrering og inkludering av innvandrarbefolkninga og til arbeidet mot rasisme og diskriminering.