Tilbodet om fri tannbehandling til utvalde grupper rusmiddelavhengige er godt i gang mange stader i landet, viser ei ny kartlegging. – Eg er svært glad for dette. Gratis tannbehandling er viktig for å betre livssituasjonen for ei utsett gruppe av befolkninga, seier helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.
I tillegg har fleire kommunar mottatt tilskot for å etablere lavterskel helsetiltak som også omfattar tannbehandling.
Rapporten dokumenterer at det fortsatt er grupper av rusmiddelavhengige som ikkje får tilbod om gratis tannbehandling.
– Eg vil sjå på mogelegheiten for å utvide tilbodet til denne gruppa i samband med arbeidet med revisjon av lov om tannhelsetenesten, seier Strøm-Erichsen.
Tiltak og behandling retta mot rusmiddelavhengige er styrka dei siste åra. Midlane skal bidra til at rusmiddelavhengige får eit tilgjengeleg, heilheitleg og individuelt tilpassa tenestetilbod. Det er framleis eit stort behov for styrking av feltet.
– Eg vil fokusere på oppbygging av kapasitet og utvikling av kvalitet i tenestene til rusmiddelmisbrukarar. Eg vil også arbeide for at ventetidene til behandling vert kortare og at ein unngår å bryte fristar. Dialogen med brukarar og pårørande vil eg og ta vare på, seier Strøm-Erichsen.