Nå som regjeringa skal leggje fram si eigarskapsmelding, er det viktig å huske på at dei største skilnadene i Noreg ikkje handlar om kva slags eigar staten skal være, men om staten faktisk skal vere ein viktig eigar i norsk næringsliv eller ikkje.
I følgje FrP sitt program for 2005-2009 vil partiet blant anna at:
- staten skal selja seg ut av NSB, Posten, SAS Braathens, bankar og finansinstitusjonar
- Staten skal redusera sitt eigarskap i Statoil, Statkraft, andre oljeselskap og alle typar energiproduksjon.
- All jord og skog eigd av staten skal seljast
- Statens Lånekasse for utdanning skal leggjast ned og erstattast av ein statleg garantiordning.
Det er ikkje tvil om at konsekvensen av FrP sin politikk vil være sal av strategisk viktige norske bedrifter til utlandet. - Arbeidarpartiet vil ha eit statleg eigarskap som sikrar norske arbeidsplassar og ei god utvikling av næringslivet i Noreg, avsluttar Eldegard.