- Vi har mange adoptivborn, og eg er oppteken av både i kva grad adopsjonsprosessen fungerar godt nok, og korleis adopterte barn har det i Noreg. Vi må òg belyse adoptivsøkjarane sine interesser og korleis dei opplever prosessen. Stadig fleire ønskjer å adoptere, og ventetida aukar. Det krev at vi går inn i korleis regelverket vert praktisert og kor lang tid vi bruker på den einskilde sak. Vi må sjå på moglegheitene for forenklingar, seier barne- og likestillingsminister Anniken Huitfeldt.
Utvalet skal gje ein samla oversikt over den kunnskapen vi har om adopterte born og deira familiesituasjon. Gjennomgangen skal ta føre seg både innanlands- og utanlandsadopsjonane.
Utvalet skal òg vurdere spørsmål i samband med adopsjonar frå utlandet utan førehandssamtykke frå myndigheitene, og problemet med mogleg kjøp og sal av born.
Det er lenge sidan adopsjonspolitikken var gjenstand for ei samla vurdering. Det offentlige utvalet vart oppnemnd av Kongen i statsråd fredag og vert leia av advokat Harald Hove. Utgreiinga skal ligge føre innan 1. september 2009.