Arbeiderpartiet

Navigasjonssti

Billegare i barnehagen

Billegare i barnehagen

Den maksimale prisen for ein barnehageplass vil stå stille på 2.330 kroner per månad og 25.630 kroner per år fram til målet om låg pris er nådd. Dette inneber at ein barnehageplass reelt sett blir billigare for kvart år framover.

– Regjeringa har som mål at prisen skal vere så låg at alle som ønskjer det, skal ha råd til å betale for ein barnehageplass med god kvalitet, seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell.

Maksimalprisen for ein heiltids barnehageplass vart redusert med 500 kroner til 2 250 kroner per månad frå 1. januar i 2006. No reduserer regjeringa prisen ytterlegare. Målet om ein maksimalpris på 1 750 kroner (2005-nivå) vil truleg bli nådd i 2012. Staten vil framleis ta dei årlege kostnadene ved den pris- og kostnadsauken ein ventar i kommunesektoren på dette området til maksimalprisen er på 1 750 2005-kroner. Den kostnaden er førebels rekna ut til å bli om lag 310 millionar kroner i 2009.

Sidan 2002 er prisen for å ha barn i kommunal barnehage redusert reelt sett med 37 prosent. I private barnehagar, der ein før maksimalprisreforma i gjennomsnitt hadde høgre foreldrebetaling enn i kommunale barnehagar, er prisen redusert reelt sett med 46 prosent.

– Eg er nøgd med at det målet regjeringa har sett seg om redusert foreldrebetaling for ein barnehageplass vil bli nådd, sjølv om det blir noko seinare enn planlagt, seier kunnskapsministeren. Målet om låg pris vil bli fasa inn over fleire år, fordi vi først må sikre full barnehagedekning.

Forskrifta om foreldrebetaling i barnehagar tok til å gjelde frå 1. mai 2004. Ho regulerer maksimalprisen for foreldrebetalinga. Da vart det fastsett at ingen foreldre skal betale meir enn 2 750 kroner per månad for ein ordinær heiltids barnehageplass.

Publisert 06.06.2008