Utvalet seier at prinsippet om utviklingsstøttande tilknyting skal ha forrang samanlikna med det biologiske prinsippet, og anbefalar at overtaking av omsorg vert vurdert i høve til tre faktorar: Om tilknytings- og relasjonskvaliteten mellom omsorgspersonane og barnet er utviklingsstøttande eller ikkje, kor alvorleg og varig omsorgssvikten er, og om omsorgpersonane sine eigenskapar er av varig eller forbigåande karakter.
Dette meiner Vågslid, som er medlem av Stortinget si familie- og kulturkomité, vi skal lytte til.
Hjelpetiltak
– Når eg høyrer om saker der barn blir "dømt" til samvær til dømes anna kvar helg eller to gonger i året med ein forelder som har misbrukt dei eller utøva vald mot dei, er det noko alvorleg gale, sier stortingsrepresentanten.
Hun understrekar at det er klart at det i fleire høve vil vere til barnets beste å ha samvær med eller returnere til biologisk foreldre etter dei har vore i fosterheim. Dessutan driv barnevernet i det store fleirtal med hjelpetiltak.
– Eg trur at det alt for ofte leggast for mykje vekt på foreldras beste, og ikkje barnets. Me må ikkje tape av syne at det kan være til stor skade for barn å være hos, måtte treffe eller returnere til sine biologiske foreldre.
Adopsjon
I tillegg foreslår utvalget at adopsjon alltid vert vurdert i tifelle der born er tidleg og varig plassert i fosterheim. Dette meiner Vågslid er fornuftig.
– Det må vere barnets beste som skal vere det styrande prinsippet. Og ja, det kan vere at det er til barnets beste, basert på dei 3 faktorane over, å vere hos eller returnere til sine biologiske foreldre. Men det kan også hende at det ikkje er det. Difor er dette utruleg viktig for å sikre barn ein god og trygg oppvekst.