Arbeiderpartiet

Navigasjonssti

Verdsleiande havforsking

Lisbeth Berg-Hansen. Foto: Scanpix/Statsministerens kontor

Verdsleiande havforsking

– Noreg skal ha ein globalt leiande posisjon når det gjeld kunnskap knytt til hav og havforvaltning, sa fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen då ho i dag lanserte starten av arbeidet med Hav21-strategien under Havdagen i Oslo.

– Noreg er eit havland, og vi er gode på marin forsking. Men vi skal bli endå betre, sa Berg-Hansen.
– Havet vårt har et enormt potensiale, og spelar ei nøkkelrolle for alt fra framtidig tilgang til trygg og sunn mat, fornybar energi, helse og velferd og endringar i miljøet nasjonalt og internasjonalt. Samtidig er det uutforska mulegheiter i havet som kan bli særs viktige gjennom blant anna marin bioprospektering, sa fiskeri- og kystministeren.
Men havområda våre omfattar også unike område som er viktige å bevare, og blir utsette for press. Berekrafta til hav- og kystområda blir utfordra. Miljø- og klimaendringar og auka utnytting av hav- og kystområda forsterkar behovet for kunnskap.
– Havområdane våre er ei skattekiste. Forskning er nøkkelen til å få opp potensialet som ligg der. Strategien Hav21 skal teikne opp korleis Noreg bør innrette den samla marine forskingsinnsatsen for å fremme båe berekraft og framtidig verdiskaping med utgangspunkt i ressursane i havet, sa Berg-Hansen.
Hav21 vil få ei ekstern styringsgruppe der representantar frå næring, forvaltning og kunnskapsmiljø skal delta. Styringsgruppa får i oppgåve å utarbeide ein rapport med tilrådingar til departementa. Gruppa vil bli leia av Liv Monica Stubholt.
 
Forskingsrådet skal vere sekretariat for arbeidet.

Publisert 11.10.2011