Arbeiderpartiet

Navigasjonssti

Sal av store verdiar med Høgre og Framstegspartiet

Statkraft

Sal av store verdiar med Høgre og Framstegspartiet

Næringskomiteens behandling av Eigarskapsmeldinga viser tydelig skiljelinjene i norsk politikk. Høgre foreslår sal av statlige selskaper med nær 100 milliardar kroner, og Frp med om lag 216 milliardar kroner.

– Staten er i dag ein langsiktig og forutsigbar eigar som sikrar selskapa sine industrielle posisjonar og muligheiter for vekst. Eit nedsal i den størrelsesorden som Høgre og Framstegspartiet foreslår, vil med stor sannsynlighet kunne bli seldt til kinesiske selskap som er styrt av den kinesiske stat. Det blir med andre ord lite sannsynlig at eit slikt nedsal vil styrke den private eigarskapen, seier Terje Aasland og Ingrid Heggø, som sit i Stortinget si næringskomité.

Økonomiske musklar

Kina har økonomiske musklar til slike oppkjøp. Arbeidarpartiet er og blir garantisten for å sikra eit langsiktig eigarskap som trygger arbeidsplassane. Eigarskapspolitikken er utvikla og forbetra frå forrige eigarskapsmelding. No blir det mellom anna stilt krav om at selskapa sine forskings- og utviklingsfunksjonar skal ha base i Noreg.

– Med dette vidareutviklar vi og tek vare på kompetansemiljø i heile landet. Dessutan skal selskapsleiinga vera i Noreg, og vi kjem no med eit krav om at årsmeldinga frå dei statlege selskapa skal vere på norsk, seier Aasland og Heggø.

Dei ønskjer i tillegg å gå gjennom den statlige eigarskapen å ivareta viktige områder som miljø, klima, mennekerettar, arbeidstakar-rettar og likestilling. Det same gjeld eit ansvar for moderasjon i leiarløn og pensjonsavtalar. Høgre tonar ned moderasjonslinja for statlege toppleiarar og meiner selskapa sine styre må stå meir fritt i forhold til avlønning, bonusar, og pensjonar. Likestilling i styre og toppleiing er viktig, eigarskapsmeldinga stiller krav om positiv utvikling på dette området. Høgre vil derimot gå i motsatt retning, og fjernar seg frå kravet om fleire kvinnelege toppleiarar og styremedlemmer.

Enorm betydning

Arbeiderpartiet vil gjennom stortingsbehandlinga framheve den enorme betydinga selskap som Hydro og Statoil har og har hatt for samfunnsutviklinga i Noreg, mellom anna ved å ha klare forventningar om investeringar i nye og effektive produksjonslinjer i Noreg.

– Vi vektlegg difor betydningen av arbeidsplassar, verdiskaping og kompetanseutvikling, og ikkje minst dei utbytta staten får. Samla sett fekk staten 20 milliardar frå børsnoterte selskap berre i finanskriseåret 2010, seier dei to stortingsrepresentantane.

Dei understrekar at det er all grunn til å behalde staten som ein aktiv og langsiktig eigar av dei viktigaste selskapa i Noreg. Det gjev moglegheiter, inntekter til fellesskapet, tryggare arbeidsplassar og gjer at Norge også i framtida er i førarsetet for viktig teknologisk utvikling.

Foto: Colourbox

Publisert 01.06.2011