– Ei av utfordringane med å regulere nordsjøtrålarane er at det er stor spreiing i seifangstane i alle tre gruppene. På fartøynivå har fisket dei seinare åra blitt regulert med maksimalkvotar frå starten av året, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.
– På bakgrunn av utviklinga i fisket har desse maksimalkvotane blitt oppheva i løpet av året. Nedgang i seikvoten og auke i fiskeinnsatsen gjer det nødvendig med strengare regulering for å halde fisket innanfor gruppekvoten, seier Berg-Hansen.
Med verknad frå 2011 får fartøy med pelagisk trålløyve og fartøy med nordsjøtrålløyve 77 % av seikvoten til nordsjøtrålarane, medan fartøy med avgrensa nordsjøtrålløyve får 23 % av seikvoten til nordsjøtrålarane.
Fartøy med pelagisk trålløyve eller nordsjøtrålløyve kan maksimalt fiske og lande inntil 400 tonn i 2010.
Frå og med 2011 blir kvoten fastsett til det enkelte fartøy med pelagisk trålløyve og fartøy med nordsjøtrålløyve ved at alle får eit likt grunnkvantum, og deretter brukar ein den fastsette konsesjonskapasiteten for å rekne ut den endelege kvoten til det enkelte fartøyet.