Arbeiderpartiet

Navigasjonssti

Regionale verneombod i reinhald og hotell og restaurant

Dag Terje Andersen

Regionale verneombod i reinhald og hotell og restaurant

– Vi foreslår å innføre regionale verneombod også i reinhalds- og hotell- og restaurantbransjen for å skape meir ordna forhold i desse bransjane, seier arbeids- og inkluderingsminister Dag Terje Andersen.

Forslaget, som er eit av tiltaka i handlingsplan 2 mot sosial dumping, blir sendt på høyring i veke 26.

Behovet for tiltak innan bransjane hotell og restaurant og reinhald må sjåast på bakgrunn av dei uryddige forholda som er avdekka i deler av desse bransjane i form av brot på helse-, miljø- og sikkerheitsreglar (HMS) og svart arbeid.

– Auka arbeidsinnvandring har forsterka problema knytt til useriøsitet og sosial dumping i deler av reinhalds- og hotell- og restaurantbransjen, og det er naudsynt å ta nye grep. Dei regionale verneomboda skal fungere som pådrivarar ikkje minst ovanfor små og mellomstore bedrifter, seier statsråden.

Tidligere har kampen mot sosial dumping i stor grad vore retta mot mannsdominerte bransjar, som bygg og anlegg. Med handlingsplan 2 utvidar regjeringa innsatsen mot nye og kvinnedominerte område i arbeidslivet.

Ordninga med regionale verneombod vart innført for bygg og anlegg i 1981. Ei undersøking som departementet gjennomførte i 2007, viser brei semje om at dei regionale verneomboda gjer ein viktig jobb for å betre HMS og førebyggje skader og ulukker. Arbeidstilsynet meiner ordninga med regionale verneombod verkar preventivt og er positive til å utvide ordninga til hotell og restaurant og reinhaldsbransjen.

Publisert 25.06.2009