Arbeiderpartiet

Navigasjonssti

Lovforslag om ny AFP i privat sektor frå 2011

Dag Terje Andersen

Lovforslag om ny AFP i privat sektor frå 2011

– Lovforslaget sikrar ein varig AFP, som avtalt ved lønnsoppgjeret, seier arbeids- og inkluderingsminister Dag Terje Andersen.

I lønnsoppgjeret i 2008 vart partane i privat sektor samde om ei ny utforming av AFP tilpassa pensjonsreforma. Lovforslaget som er lagt fram i dag, er i hovudsak ei lovfesting av avtalane i lønnsoppgjeret og stortingsvedtaka om tilpassa AFP.

Avtalefesta pensjon (AFP) er i dag ei tidlegpensjonsordning som betaler ut pensjon i alderen 62 til 67 år. Dette er tilpassa at folketrygda gjev alderspensjon frå fylte 67 år. Etter pensjonsreforma kan ein ta ut alderspensjonen frå folketrygda fleksibelt frå 62 år.

Meir fleksibel AFP

Ny AFP er etter lovforslaget utforma som eit livsvarig påslag (tillegg) til fleksibel alderspensjon. Den årlege pensjonen blir høgare desto seinare pensjonen blir teken ut. I motsetnad til dagens AFP, vil ein kunne kombinere ny AFP med arbeidsinntekt utan at pensjonen blir avkorta.

– Alle som tek ut AFP i privat sektor etter 01.01. 2011 eller seinare kan altså ha arbeidsinntekt utan at pensjonen blir avkorta. Dette trur eg mange vil setje pris på i den nye ordninga, seier Dag Terje Andersen.

– Det blir dessutan betre høve til å tilpasse overgangen mellom arbeid og pensjon etter eigne ønskje, samtidig som ny AFP bidreg til eit godt pensjonsnivå frå 62 år også i framtida, seier statsråden.

Les hele lovforslaget.

Publisert 04.09.2009