– Det er nødvendig å sjå nærmare på denne saka. Vi har derfor instruert Sjøfartsdirektoratet til å førelegge saka for EU-kommisjonen, seier Giske.
Det skuldast at redningssystema om bord er godkjent i EU.
– Vi må ha ei felles forståing med EU i denne saka før vi kan konkludere. Dersom Fjord1 skulle bli pålagt å utstyre ferjene med ekstra redningsflåtar, vil dei få eit halvt år på å tilpasse seg, seier Giske.