Her heldt ho eit innlegg om visjonane sine for forsking og utvikling i næringa.
Delar av den tradisjonelle verdikjeda i fiskerinæringa slit, og utfordringane har blitt forsterka av finanskrisa. Mens delar av næringa, som laksnæringa og pelagisk sektor, går bra.
– Skal vi vere den fremste sjømatnasjonen i verda, krev det at vi har kunnskap som ligg i front på område som berekraftig ressursforvaltning og havmiljø. Men det krev også at vi har god kunnskap om forbrukartrendar, kjøpskriterium, marknadsføring og omdømmebygging - og evnar å utvikle produkt ut frå dette, sa Berg-Hansen.