Arbeiderpartiet

Navigasjonssti

79 800 arbeidslause

Gravemaskin

79 800 arbeidslause

– Nye tal frå Arbeids- og velferdsdirektoratet syner om lag uendra sesong­korrigert arbeidsløyse frå oktober til februar, men ein auke på om lag 600 personar frå februar til mars, seier arbeidsminister Hanne Bjurstrøm i ein kommentar til mars-tala om arbeids­marknaden.

Arbeids- og velferdsdirektoratet har korrigert sine arbeidsløysetal. Auka i arbeidsløysa det siste året har vore noko mindre enn tidlegare publiserte tal syner.

Direktoratet viser til at nye rutinar har medført at enkelte feilaktig har blitt kategorisert som arbeidslause. Mens det tidlegare var ein auke i talet på arbeidslause frå februar 2009 til februar 2010 på om lag 14 000 personar, viser nye og korrigerte tal ein auke på om lag 10 000 personar.

– Utviklinga gir ikkje grunnlag for å dempe innsatsen for å motverke høg arbeidsløyse, seier statsråden.

Ved utgangen av mars var det registrert 79 780 heilt arbeidslause. Det utgjer 3,1 prosent av arbeidsstyrken. Justert for normale sesongsvingingar har arbeidsløysa auka med om lag 600 personar frå februar til mars.

Publisert 26.03.2010