- Saman med statsbudsjettet og krisepakkene som blei lagt fram før jul, vil regjeringas krisepakke som blei lagt fram sist måndag bidra til å auke etterspurnaden i samfunnet og dempe auken i arbeidsløysa. Den siste krisepakka er særleg retta mot bygg- og anleggstenester, då dette er næringa som er sterkast råka av nedgangskonjunkturen. I denne næringa er arbeidsløysa meir enn dobla samenlikna med januar i fjor. Det er også viktig at allerede iverksette tiltak og komande tiltak innan industrien virkar for å møte den markerte auka i arbeidsløysa, seier statsråd Dag Terje Andersen.
Nye hovudtal om arbeidsmarknaden som er publisert i dag frå Arbeids- og velferdsdirektoratet syner at nivået på den registrerte arbeidsløysa har auka med 5 500 sesongkorrigert siste månaden. Den sesongmessige auken i arbeidsløysa er særleg sterk i januar. Når ein ikkje korrigerer for sesongen, har arbeidsløysa auka med 15 100 frå desember -08 til januar.
Det er no registrert 65 200 heilt arbeidslause, 5 500 av desse er heilt permitterte. Den registrerte arbeidsløysa svarer til 2,6 prosent av arbeidsstyrken.
Det siste året har den registrerte arbeidsløysa auka mest for personar med erfaring frå bygg og anlegg og for menn, særleg for dei mellom 20 og 30 år. Arbeidsløysa for personar med nedsett arbeidsevne har ikkje endra seg frå desember til januar.