Arbeiderpartiet

Navigasjonssti

Visjonen om landsbyfengsel

Visjonen om landsbyfengsel

- Vik fengsel er noko av det næraste vi kjem visjonen til justisminister Knut Storberget om eit "landsbyfengsel", skriv ordføraren i Vik, Marta F. Halset i dette innlegget.

Justisministeren sin visjon ”Eit landsbyfengsel – med fokus på menneskeverd” er innfridd!

Bygget som er 600 m2 stort vil innehalde skuleavdeling, verkstad, vaskeri, trimrom, bibliotek og kontor. Statsbygg er byggherre og Røyrvik Bygg er entrepenør. Arkitektfirma Jon Vikøren A/s har teikna bygget. Bygget vil stå ferdig i september 2009 og vil koste ca. 14 mill. kr. Nytt fengsel vart opna hausten 2007 og ein ny open avdeling vil stå klar i desember når det gamle bygget er restaurert. Med nytt servicebygg vil Vik fengsel verte ein moderne anstalt der straffedømte kan få eit innhald i soninga som gjer dei bedre rusta til å møte samfunnet den dagen dei skal attende.

Vik fengsel er noko av det næraste vi kjem visjonen til justisminister Knut Storberget om eit "landsbyfengsel". Utforminga er heilskapleg og tilpassa at anstalten med 39 soningsplassar ligg sentralt plassert i bygda. Det gjev gode tilhøve for godt samspel med lokalsamfunnet.

Fengselsbygget er nytt, og med nytt servicebygg og eit restaurert 143 år gamalt verna fengselsbygg, får Sogn og Fjordane eit fengsel med gode soningtilhøve for straffedømde og ein god arbeidsplass i Kriminalomsorgen.

 

Service-bygget gir eit heilheitleg innhald i soninga. Hovedfokuset er menneskeverdet og mogelegheita for den enkelte til å koma vidare i samfunnet.

Vikja-samfunnet har alltid vore positiv til fengselet og fangane kan me finna rundt om på gardane og i bedriftene i lokalmiljøet.

Vik fengsel er ein stor arbeidsplass i kommunen og ein god samarbeidspart for det lokale næringslivet. Aktivitet, opplæring og arbeidstrening i fengselet er forebyggjande og positivt. Me trur dette vil gje ringverknader og aukar samarbeidet med det ordinære næringslivet i Vik.

Alt arbeidet med fengselet frå arkitektarbeidet til entreprenørarbeidet vert utført av lokale bedrifter i Vik. Det tryggar arbeidsplassane i eit lite lokalmiljø.

 

Fengselssoning handlar ikkje berre om straff men like mykje, - ja kanskje meir om at den enkelte får gjere opp for seg og får ein ny sjanse. Vik kommune har saman med fylkeskommunen tilrettelagt for mange tenester, (undervisning, helsetenester, prestetenester , musikk og kulturskulen arbeidar med tilbod til dei innsette. )

I sum vil kommunen og staten her tilby ein trygg og god soningstad med høg kvalitet på tenestene. Ei utslusing der siste delen av soningstida kan bli lagt til Vik er godt grunnlag for mange.

 

Takk til justisministeren !

 

Ordføraren i Vik

Marta F. Halset

Publisert 15.08.2008