EU har etter kvart vedteke mange direktiv som inneheld forbrukarvern. Mange av desse kom med reglar som me allereie hadde hatt lenge i Noreg. Direktivet det her er snakk om, er eit sokalla minimumsdirektiv. Det inneber at ein påla medlemslanda å innføre eit visst minimum av forbrukarvern, men som altså tillèt landa å ha betre reglar enn det direktivet la opp til.
Eg er glad for at regjeringa og statsråden her signaliserer motstand mot totalharmonisering på enkelte områder i direktiva. Eit totalharmonisert direktiv ville mest sannsynleg innebere at EØS-landa i sin nasjonale lovgjeving ikkje kan innføre eller oppretthalde reglar som avviker frå dei som er gitt i direktivforslaget. Det er tilfredstillande at regjeringa jobbar aktivt med å påverke direktivforslaget slik at Noreg kan fortsette å oppretthalde eit høgt nivå på forbrukarvern.
Dette er på mange måtar ei unik sak. Eg kan ikkje hugse at norske stortingspolitikarar har vore så aktive i sitt arbeid knytt til eit EU-direktiv som i denne saka. I all hovudsak har EU-direktiv vore gjenstand for politisk behandling først etter at EU har lagt fram sitt direktiv. I denne saka har me derimot vore aktive på parlamentarikarnivå før EU har konkludert, og har dermed vore med å påverka prosessen for å ivareta norske interesser. Denne måten å arbeide på har vore viktig i denne saka, og vil være viktig i framtidige saker. Europaparlamentet har etter ratifiseringa av Lisboa-traktaten i november 2009 fått meir makt og innflytelse. Dette åpner for at også me som stortingspolitikarar vil kunne påverke framtidige direktiv før dei vedtas i større grad enn tidligare, gjennom drøftingar og samarbeid med våre kollegaer i Europaparlamentet.
I denne saka har både Statsråden, regjeringa, forbrukarmyndigheitene og stortingspolitikarar jobba for norske interesser i ulike fora. Det er bra, og det viser at det nytter å påverke den politiske retninga i EU bare ein er tidleg nok ute.
Sigvald Oppebøen Hansen, medlem av justiskomiteen