Arbeiderpartiet meiner alvor med barnevernssatsinga. Eg kjem aldri nokon gong til å vera fornøgd nok så lenge det er barn som ikkje får den hjelpa, det barnevernet dei har rett og krav på. Men å vera vitne til at Hofstad Helleland er bekymra for auka fosterheimskøar og nedlegging av barnevernsinstitusjonar, blir for meg eit merkeleg spel for galleriet.
Ei auke i fosterheimskøar og nedlegging av barnevernsinstitusjonar hadde ikkje akkurat Høgre medisinen mot i haust, då dei la opp til ei useriøs omdisponering på 400 millionar kroner frå det statlege barnevernet. Kuttet Høgre foreslo frå det statlege barnevernet i sitt alternative statsbudsjett ville ført til det motsette av det Hofstad Helleland etterlyser.
Eg trur korttidsminne kan vera noko dårleg i Høgre. Linda Hofstad Helleland vil at Statsråden kjem på banen. Lysbakken gjorde seinast i november konkret greie for fleire saker som Hofstad Helleland no etterlyser, blant anna styrking av fosterheimstilbodet. Kva er motivet for å late som at dette ikkje er gjort eller allerede gjort greie for? Er det mangel på eigne gode saker? Eller meiner Hofstad Helleland at Statsråden til ei kvar tid skal i Stortinget å greie ut om situasjonen når ho er i avisa?
Dersom ein hadde høyrd etter då Lysbakken hadde si utgreiing i november, ville ein visst at barnevernet er ei prioritert oppgåve for denne regjeringa. Vi snakkar ikkje berre, vi bevilgar i kroner og øre. Og vi gjer det politikken handlar om, vi prioriterar. Vi har styrka barnevernet, både kommunalt og statleg. Men vi er ikkje ferdige, vi seier ikkje at ”no er det bra nok”.
Også for Arbeiderpartiet er det bekymringsfullt at barnevernet ikkje greier å fange opp alle barn som blir flytta frå kommune til kommune av foreldre som vil unngå barnevernet. Det er bra at Hofstad Helleland tar opp sakene. Eg trur berre ikkje eg hadde turt som opposisjonspolitikar å gå så høgt ut på banen som Hofstad Helleland har gjort dei siste vekene, når ein ser på dei faktiske tala dei sjølv står bak. For meg verkar det som at Hofstad Helleland er meir opptatt av oppslag enn å synleggjera eigen politikk.
Lene Vågslid, familie- og kulturkomiteen