Arbeiderpartiet

Navigasjonssti

Tidenes forenklingstiltak

Tidenes forenklingstiltak

Me fjernar revisjonsplikta for 119 000 småbedrifter landet rundt. Med det gjennomfører me eit svært viktig forenklingstiltak for små selskap. Det vart bestemt i Stortinget nyleg, skriv stortingsrepresentant Gunvor Eldegard.

Småbedrifter vil kunne spara mellom 10 000 og 30 000 kroner i utgifter per år når me no fjernar revisjonsplikta. Samla vil dei spare 1,5-3 milliardar kroner årleg. Dette kjem i tillegg til ei rekkje andre tiltak regjeringa har gjort for å redusera kostnader og byrder for norsk næringsliv. Ingen skal tvila på at Arbeidarpartiet spelar på lag med næringslivet.

Å fjerna revisjonsplikta har vore utfordrande når det gjeld avveginga mellom omsynet til skattekontroll og nedkjemping av økonomisk kriminalitet på den eine sida, og til forenkling og internasjonal utvikling på den andre sida. Å gjera kvardagen enklare for 119 000 småbedrifter har vege tyngst for oss. Dessutan har dei fleste andre EU/EØS-land ikkje revisjonsplikt for dei minste småselskapa, utan at det er påvist store negative konsekvensar som følgje av dette.

Også NHO-sjef John G. Bernander er svært nøgd med regjeringa si fjerning av revisjonsplikta: ”Dette er tidenes forenklingstiltak. Det inneber ei innsparing i milliardklassen for småbedriftene i Noreg. Innsparinga ved frivillig revisjon går rett på botnlinja til dei bedriftene som ikkje har behov for revisjon av rekneskapa. No kan desse midlane i staden sikra innteninga for bedrifta,” uttalte han på NHOs heimesider.

Arbeidarpartiet har lytta til småbedriftenes som lenge har bedt oss fjerne revisjonsplikta. No vil desse bedriftene få ein mykje enklare kvardag.

Av stortingsrepresentant Gunvor Eldegard, finanskomiteen

Publisert 04.05.2011