Arbeiderpartiet

Navigasjonssti

Ta kysten på alvor

Ta kysten på alvor

Dei siste dagars hendingar med grunnstøyting utanfor Hvaler beviser til fulle kor viktig det er å ta kysten på alvor og å ha fokus på oljevernberedskapen, skriv stortingsrepresentant Ingrid Heggø.

For ei tid tilbake skreiv eg om at Arbeidarpartiet og Regjeringa hadde fått på plass eit seglingsregime for skip som fører skipa lengre ut frå kysten, dette gjev oss meir tid til å setja i verk oljeoppsamling viss oljesøl/utslepp og meir tid til å få på plass hjelp og  til for eksempel få på plass slep motorhavari.

No har vi fått på plass nok ein milepæl i den norske oljevernberedskapen , nemleg at fiskefartøy kan gå inn i oljevernberedskapen.

Denne nye ordninga vil gje oss ein lenge etterlengta fleksibilitet i oljevernberedskapen og opnar også for eit nytt og spanande marked for rederia. Det kan stillast fleire typar fartøy til disposisjon noko som gjev større fleksibilitet i både den statlege beredskapen og på sokkelen.

Eg er stolt over at Arbeidarpartiet igjen syner at vi tek kysten på alvor, dette var ei ny brikke som styrkar kysten vår.

Ingrid Heggø, næringskomiteen

Publisert 31.03.2011