I arbeidet med å forebyggja ulykker er det derfor heilt sentralt at vi no har fått på plass det same regelverket for segling langs kysten, som vi har hatt i Nord-Norge i fleire år - nemlig 30 nautiske mil frå kysten. Dette vil gje oss eit heilt anna handlingsrom for å kunna iverksetje tiltak om ei ulykke skulle skje, og ikkje minst så gir det oss eit større handlingsrom til å regulera trafikken langs sør- og vestlandskysten.
Eg er svært fornøgd for at dette no er på plass og at dei nye seglingsleiene vil tre i kraft frå 1. juni 2011.
Folk langs kysten har til alle tider brukt havet som ein viktig ressurs for handel, næring og matauk. Dei har tillit til oss, og at vi tek på alvor dei utfordringane som kjem som følgje av stor auke i transport av farleg gods langs kysten. Denne tilliten viser vi oss med dette verdig, og vi kan saman gle oss over at sør- og vestlandskysten no er blitt ein sikrare stad.
Av stortingsrepresentant Ingrid Heggø, næringskomiteen