No er plutseleg representanten oppteken av at vi må bygge ut meir småkraftverk for åredde landbruket. Men kor skal småkraftverka kopla seg på, viss Lødemel sin politikk hadde vunne fram? Det er ikkje linjekapasitet i Sogn og Fjordane til fleire småkraftverk, heller ikkje til fleire store bedriftsetableringar. Kabling hadde ført til kraftig forseinking. Grøne sertifikat vil ikkje bøte for dette.
Kabling ville medført ein vesentleg prisauke, og den prislappen ville Lødemel og Høgre sende til innbyggarane og bedriftene i Sogn og Fjordane.
Er det mulig å opprettholde eit landbruk over heile landet viss markedet til Høgre skal styre alt åleine? Svaret er nei. Høgre har markert seg med at dei er meir opptekne av dei som går ut av landbruket enn av dei som går inn. Høgre er imot regjeringa sin politikk for å halde prisen på landbrukseigedommane nede.
Dersom ein ungdom som ønskjer å bli bonde skal konkurrere med rikfolk som kun ønskjer ein fritidseigedom til helgebruk, så vil ungdommen tape.
Derfor meiner eg at vi må sjå på eigedomslovgjevinga og tilpassa den framtidas utfordringar.
Dette handlar altså om korleis vi vil at landet vårt skal sjå ut.
Både Høgre og Frp vil i realiteten legge ned det norske landbruket, skilnaden ligg i full nedlegging med ein gong som er Frp-metoden, eller Høgre sin sakte stryping politikk, jfr det som kommunane var utsett for under jern-Erna.
Kva politikk skal ein eventuell ny Høgre/Frp-regjering føre ? Det som er heilt sikkert er at høgresida sin landbrukspolitikk vil føre til ei kraftig nedbygging av norsk landbruk, først og fremst distriktslandbruket.
Eg må tilstå at eg blir direkte provosert av korleis Høgrerepresentantar misbrukar av ordet fridom. Like muligheiter er det som gjev reell fridom, og å gje alle like muligheiter er svært langt frå Høgre sin politikk.
Å kutte drastisk i overføringane til landbruket er ikkje god politikk for at vi skal kunne brødfø ein stadig aukande befolkning, og heller ikkje god politikk for å holde kulturlandskapet ved like eller reiselivssatsing.
Næringspolitikk over heile landet og å sørgje for at dei samla ressursane knytta til norske gardar vert teke i bruk er viktig. Eg vil her visa til den overordna strategien for næringsutvikling ” ta landet i bruk”-satsinga på reiseliv, mat, bioenergi, skogbruk, inn på tunet, innlandsfiske, økologisk landbruk er eksempel på breidda i eit framtidig landbruk. Satsinga på frukt og bær på Vestlandet er eit prosjekt , og slike ting er med på å utvikle salbare produkt knytta til reiselivet med utgangspunkt i landbruket sine ressursar. Ein kan gjerne ta inn småkraftverk også som ei kjærkommen tilleggsinntekt. Alt dette er ting som eg forutset vil bli omtalt i den nye landbruksmeldinga som kjem til våren.
Av stortingsrepresentant Ingrid Heggø, næringskomiteen