Lødemel kommenterar heller ikkje tidsaksen ved kabling forbi Sogn og Fjordane med eller utan påknytingpunkt. For det er som han sjølv seier ei visjonær løysing, og den vil medføre mange, mange års forseinkning. Og i mellomtida vil ikkje småkraftverka ha linjeadgang.
Ap og eg står også her for det same som eg sa i valkampen: Eg har stor forståing for alle dei som ikkje ønskjer linje over eller rett forbi husa sine, derfor må ein sjå på traséval på nytt i enkelte områder. Nokre stader kan òg kabling vera ei løysing. Men kabling i fjell vil gje varig naturinngrep, medan luftlinjer kan fjernast. Muffehusa, som blir liggjande der ein går frå luftlinje til kabel, som i Hardangerlinja er om lag like store som tre fotballbaner, er store, varige naturinngrep. Dette nemner heller ikkje Lødemel. Og eg vil minne om at vi berre i Sogn og Fjordane har 20 fjordkrysningar.
Lødemel hadde i Stortinget eit spørsmål retta til landbruksministeren med utgangspunkt i at småkraft skulle redde bøndene sitt inntektsgrunnlag.
I Høgre sitt alternative budsjett reduserar Høgre overføringane over landbruks-avtalen med 1,7 milliardar, og dette alt i neste års budsjett. Dette vil ikkje berre få betydning for norsk landbruk, men også for næringsmiddelindustrien, som i stor grad er avhengig av råvarer frå norsk landbruk. Dette meiner Høgre og Lødemel er tøv av meg å påpeike. Avslutningsvis skal Lødemel ha ros for å vera ærleg å seie at han er meir oppteken av at dei som går ut av landbruket enn dei som skal inn i landbruket. Å hensynta ungdommen som ønskjer å gå inn i landbruket er visst uvensentlegfor Høgre.
Av stortingsrepresentant Ingrid Heggø, næringskomiteen