Det skal vera lov å lukkast og me ynskjer velkommen alle idear om korleis me kan utvikla eit enda meir nyskapande og aktivt næringsliv. Den norske modellen, som inneber eit tett og godt samarbeid mellom offentlege myndigheiter, private bedrifter og partene i arbeidslivet, har gitt oss eit av dei mest produktive og omstillingsdyktige næringsliva i verda. Ein aktiv politikk for arbeidsplassar og næringsutvikling har dessutan sikra at Noreg har kome ut av finanskrisa med den lågaste arbeidsløysa i Europa. At politikken nyttar gjer berre kritikken frå Hjeltnes enda meir urimeleg.
Saka om private barnehagar dreiar seg om at pengar fellesskapet bruker på barnehagar skal koma barna til gode. Derfor ynskjer regjeringa å innføre reglar for kor mykje utbytte private aksjonærar kan ta ut frå barnehagar som er betalte for av skattebetalaranes pengar. Til samanlikning har ikkje private skular lov til å ta ut utbytte i det heile tatt, noko som Høgre og er samde i.
Hjeltnes hevdar at det største trugsmålet mot den norske modellen er pengebruken i staten. Finansministeren har varsla at oljepengebruken skal ned. Dette står i grell kontrast til Høgres nære samarbeidspartnar Frp, som vil setja norsk økonomi fullstendig over styr, blant anna gjennom å lova 50 milliardar i skattekutt og trillebårlass med tusenlappar til alle gode og dårlege formål.
Det er fint å fornya og effektivisera offentleg sektor. Men med mange fleire som treng offentlege tenester, og dei skattekutta som Høgre og Frp lovar, skal ein jammen effektivisera stort for å få det reknestykket til å hengja i saman. Det er muleg at Hjeltnes har misforstått, men det blir ikkje færre eldre av at private aktørar kjem på bana. Utgiftene forsvinn heller ikkje om det er private aktørar som utfører oppgåvene. Derfor burde Hjeltnes uroa seg mykje meir for pengebruken til vennane sine på høgresida, enn for den rødgrøne regjeringa som fører ein ansvarleg økonomisk politikk for arbeid og velferd.
Innlegget stod på trykk i DN 10. august