Arbeiderpartiet

Navigasjonssti

Satsing på forsking, nyskaping og innovasjon

Satsing på forsking, nyskaping og innovasjon

I usikre tider som dei me no er inne i, er det å ha nyskapande bedrifter viktigare enn nokon gong. Då er det avgjerande at me har ei regjering som legg til rette for å oppnå innovasjon og nyskaping i samfunnet. For det er bedriftene og den verdiskapinga dei står for, som er grunnlaget for velferda vår. Tidlegare i vinter behandla Stortinget Regjeringa si innovasjonsmelding, og no nyleg forskingsmeldinga. Og som meldinga viser er det openbare samanhengar mellom desse to sakene.

Stoltenberg-regjeringa har satsa på forsking, og på næringsretta forsking blir det i år brukt over 2,1 milliardar kroner. I løpet av vinteren har Regjeringa kome med ei rekke tiltak for å døyve verknadene av den internasjonale finanskrisa. Mange av desse tiltaka er kome spesielt med tanke på å bruke krisa til å skapa framtidas arbeidsplassar.
Det næringspolitiske virkemiddelapparatet, som no opplever stor etterspurnad, er styrka.

Nærings PhD er eit døme på eit godt tiltak som denne Regjeringa har satsa på. I Dagens Næringsliv 17.juni kan me lesa om Geir Birkedal som no tek doktorgraden sin på jobben, noko som er mogleg sidan Forskingsrådet bidrar med finansiering. Han er nøgd og bedrifta er tilfreds med ordninga, som fører til at bedrifta får tilskot til å halde på kompetanse i tider med nedbemanning og permitteringar. Denne ordninga bygger opp næringslivet si langsiktige forskingsevne og styrker samarbeidet mellom næringslivet og akademia, noko som er svært viktig i dagens kunnskapsøkonomi.

SkatteFunn er ei anna ordning som er svært god, og som gir resultat. Ordninga er målretta, effektiv og ubyråkratisk. Det beste av alt er at det syner seg at også bedrifter som ikkje tradisjonelt har drive med FoU-aktivitet no satsar meir på det.

Innovasjon, forsking og nyskaping i tradisjonell industri ser eg som svært viktig. I mange lokalsamfunn er det høg industrikompetanse og viktige miljø for forsking og innovasjon. Denne kompetansen må nyttast til å skapa nye prosessar og nye produkt.

Eit døme på dette ser me i Årdal, der dei ved Hydro jobbar kvar dag med å forbetra prosessane sine. Å produsera aluminium med mindre straumforbruk og mindre forureining er eit føregangsprosjekt her i Noreg. Dette er døme på korleis industrien gjennom forsking, utvikling og innovasjon utvikler seg i retning av ein meir berekraftig produksjon.

Me har her i landet næringsmiljø som er internasjonalt leiande på sine felt, og Regjeringa legg til rette for å uvikla desse miljøa. Satsinga på næringsklyngene gjennom Norwegian Centres of Expertice (NCE), er eit godt døme på dette. I den sterke globale konkurransen står bedriftene ofte sterkare når dei står saman i netteverk, noko NCE- programmet utvilsamt medverkar til.

Av stortingsrepresentant Gunvor Eldegard, Ap – Næringskomiteen

Publisert 19.06.2009