Reinhaldsbransjen er truleg den som er mest prega av lovbrot og grov utnytting av tilsette, ikkje minst av folk med utanlandsk bakgrunn. Media har den siste tida gjort ein kjempejobb med å avdekkja ei rekkje graverande forhold: Ulovleg registrering av tilsette som einmannsføretak for å omgå arbeidsgjevarplikter. Kvar sjuande arbeidstime uløna. Timeløner under 50 kroner. Eksempla er mange.
Me har heldigvis ei regjering som flaggar kampen mot sosial dumping høgt. Ei rekkje tiltak, lov- og forskriftsendringar har kome, stort sett mot røystene til høgrepartia. Lenge var det mest fokus på byggje- og anleggsbransjen, landbruk og industri. No står reinhaldsbransjen for tur, med eit ekstra fokus på offentleg sektor. Denne har eit særleg ansvar for å gå føre med eit godt eksempel, både ved inngåing av kontrakt og ved oppfølging. Forskrifta om løns- og arbeidsvilkår i offentlege kontraktar frå 2008, var eit viktig steg på vegen. Denne skal sikra at tilsette i firma som leverer tenester til det offentlege, ikkje skal ha dårlegare vilkår enn det som ligg i landsomfattande tariffavtalar eller det som er normalt for yrke der det ikkje finst slik avtale. Arbeidsministeren har derfor teke fleire initiativ over stat og kommune for å sikra at reglane blir etterlevd i praksis. Neste steg bør vera allmenngjering av tariffavtalen i reinhaldsbransjen. Det skal òg koma ei eiga godkjenningsordning for reinhaldsselskap som kan gjera kundane trygge på at dei handlar med selskap, inkludert underleverandørar, som driv lovleg. Noko som òg vil styrkja konkurranseevna til dei seriøse aktørane. Dette er planlagd sett i verk ved komande årsskifte. Det handlar om menneske som arbeider i landet vårt. Me kan ikkje godta at det finst ein ”underklasse” som lever under heilt andre kår enn det me godtek for oss sjølve. Me er alle glade for at det er reine golv og toalett når me er på jobb. Det minste me kan gjera for dei som sørgjer for at det er slik, er å sikra dei eit reint arbeidsliv. Gunvor Eldegard, stortingsrepresentant