Arbeiderpartiet

Navigasjonssti

Positive tal frå politiet

Positive tal frå politiet

Tryggleik i det offentlege rom er noko som opptar dei fleste av oss. Hovudansvaret for offentleg tryggleik ligg hos politiet, og regjeringas satsing på meir politikraft dei siste åra viser no gode resultat, skriv stortingsrepresentant Sigvald Oppebøen Hansen.

Noreg er eit godt land å bo i. To av tre kjenner seg trygge når dei ferdast aleine om kvelden, i følgje ei fersk undersøking frå Politihøgskolen. Undersøkinga viser også at halvparten av oss meiner fleire politipatruljer er det beste tiltaket for tryggleik. Og det er blitt fleire politifolk i Noreg – etter at regjeringa leverte tidenes beste budsjett for politiet med 1,3 milliardar kroner i 2010.

Fleire medieoppslag den siste tida har gitt inntrykk av at det no blir kutt i politiet. Dette er altså ikkje riktig. Når politimeisterar varslar vakansar i bemanninga, er det eit resultat av leiingas budsjettering i det enkelte politidistrikt. Ingen politidistrikt er bedd om å redusere bemanninga. Distrikta får ei rammetildeling som skal dekke alle kostnader ved drifta av politidistriktet, som lønn, husleige, utstyr, kjørety osb. Politidistrikta må kvart år tilpasse bemanninga opp mot tildelt budsjett. Det er eit ansvar for den enkelte politimeister å bestemme korleis pengane skal brukast, og kva som skal prioriterast frå år til år. Det er verdt å merke seg at det har vore ei kraftig auke i politibudsjettet for 2010, samanlikna med 2009, og at ingen politidistrikt har fått redusert tildeling i år, etter at det er kompensert for lønns- og prisstigning. Eg har derfor full tiltru til at politimeisterane gjer dei rette prioriteringar av ressursane og at politidistriktets ansvar og oppgåver blir godt teken vare på.

 

Ny statistikk viser ei auke i årsverk i politi- og lensmannsetaten på 525 frå 1.mars til 1.oktober 2009. Også regjeringa si tiltakspakke mot finanskrisa sikra 460 nye sivile stillingar i politiet i 2009, og i 2010 er disse stillingane vidareført og fullfinansiert. At sivile gjer jobben som arrestforvararar og kontoristar, gjer at fleire politiutdanna kan vere ute på gata. I fjor fekk politiet også ei ny arbeidstidsavtale som gjer at politifolk jobbar ein time lenger i veka, noko som tilsvarar 230 politiårsverk.

 

No ser vi også at politi-satsinga gir positive resultat i etaten. Politiet løyser fleire saker enn på lenge. Så langt i år er den gjennomsnittlege oppklaringsprosenten ved landets politidistrikt på nesten 42 prosent – heile fire prosentpoeng meir enn på same tid i fjor. Også sakshandsamingstida er på rett veg, gjennomsnittstida for oppklarte brot første kvartal i år var på 119 dagar, mot 128 dagar til same tid i fjor. Dette er gode tal for vårt mål om eit samfunn med meir tryggleik og mindre kriminalitet.

 

Av Sigvald Oppebøen Hansen, stortingsrepresentant, justiskomitéen

Publisert 26.04.2010